fredag 27. februar 2009

Tørke støv

I går snakka eg med dei heime på skype og fekk sjå ut vindauge, der låg snøen gitt! Det syns eg var litt rart. Her er det (sjølvsagt) sommar og sol. Her om dagen var vi på eit innandørs beach party med sand inne. Det var litt vanskelig å gå med solbrille då for det var jo ganske mørkt frå før av, så det droppa vi kan du sei.

Ein annan dag var vi på Luna Park, eit lite gammaldags tivoli der berg og dalbana knirka noko heilt forferdelig. For dei som kjenner meg godt kjem det vel ikkje som nokon overraskelse at eg ikkje nok ein einaste karusell. Ungdommen koste seg no iallefall, som du ser på bilete. Men det var også eit marked utanfor, og då kjem det vel heller ikkje som nokon overraskelse at eg likte dette betre. Ellers har vi vore på stranda nokre dagar, og prøvd å jobbe litt med tan-en!


Idag har eg vist dei eg bur med fleire sider av meg sjølv, ved å ta fram støvsugaren og ajax-sprayflaska. Det har jo begynt å bli litt skittent her og der. Det skal liksom komme nokon å vaske fellesarealet annankvar veke, men så lagt har ikkje dette vore så mykje å skryte av akkuratt! Trur kanskje eg skal organisere ei vaskeliste snart ja... (kjære Gunnhild, Anne-Stine m.fl. : Dette avsnittet var til ære for dykk!)

PS: "Når klokka i skogen slår tolv, da kommer de renslige troll.
Med koster og kluter og spann, og de synger så rent som de kan.
Tørke støv, tørke støv, tørke støv" osv..

onsdag 25. februar 2009

Does your mother know?

Det viser seg at den mykje omtala O-week for det meste er påtenkt førsteårsstudentar (som plutselig er på alder med Sverre (= liten!). Så eg har i det siste følt meg litt gammal saman med desse veldig festklare/gla for å flytte frå mamma/endelig skal eg starte på universitetet-kidsa. Men det er jo alltids mykje gratis mat ein kan få. Aussiar elskar og grille, eller BBQ som dei kallar det. Pølsene er jo sjølvsagt brente og i brød (ikkje pølsebrød)!



Dei to siste dagane har vi vore på eit slags marked på skulen der alle klubbane som fins har ulike stands, og ein kan melde seg inn i alt mulig. Det er litt som Grieghallen i fadderveka, berre at det er ute og nesten alt kostar pengar å melde seg inn i. Og jammen fins det mykje rart. For eksempel er det ein eigen sjokolade klubb. Eg var sjølvsagt så uheldig og svare ja på eit spørsmål om å høyre meir om ein klubb eg ikkje hadde peiling på kva var, og enda opp med å høyre på eit 20 minuttar langt foredrag om korleis desse menneska trudde på både Gud, Allah og Buddha samtidig og korleis dei praktiserte dette (ikkje spør meg korleis). Skal vere litt meir forsiktig med det neste gong ja.

Idag har det også vore ein informasjon for dei ulike fakulteta og institutta dei har. Følte i grunn ikkje at det var så veldig nyttig, men igjen det var gratis mat!

Dei eg bur med har allerie oppdaga min trang for å planlegge alt mulig. Spesielt med tanke på kva skal vi gjere/vere med på i morgon kveld og gjerne dagen etter det. Julia (som eg bur med) lurte på om det var min kultur som var sånn!

Snakka forresten med ei australsk jente her om dagen som lurte på om eg kjente nokon folk frå Tyskland som ho kjente. Joda Europa er jo kanskje litt mindre enn Australia, men det får no vere måte på!

Kjære Jade, Anne-Sofie, Lisa, Kristin m.fl. (også kjent som Suhsi klubben) Dette hadde eg til middag i går, og ja sushi er veldig billig.




Ser no at dette innlegget har handla mykje om mat. Eg vel difor å legge ut eit bilde av dei 4 par skoa eg har kjøpt meg. 4 par for ca 200 norske kroner!



Ser at Kronprinsessa har forlova seg, det er jo kjekt! Prøver å sjå på NRK nett-tv men lyd og bilde kjem ikkje samtidig (har litt dårlig nett) så det er jo litt vanskelig!

søndag 22. februar 2009

Sola skinner

Plassen der eg skal studere er Monash University (difor tittelen). Det er fleire campusar, men campusen eg skal vere på er den største. Den er faktisk så stor at sikkert heile Førde sentrum (i vid forstand) kunne fått plass der. Der fins alt ein måtte trenge; idrettsanlegg, svømmebasseng, kafear, resturantar, frisørssalong, bank + sjølvsagt alle slike vanlige ting ein har på eit universitet. Det er på ein måte ein eigen liten by.

Eg har fått meldt meg opp til fag, så no er det berre å vente på at semesteret skal begynne (neste mandag). Eg skal ta 4 ulike fag. Eit handlar om austalsk historie og kultur, så eit anna historie fag, eit PR fag og eit fag i engelsk.

På fredag var vi på velkomstmiddag for alle dei internasjonale studentane. Det var på ein ganske fancy plass med lyskroner i taket og greier. På bilde ser du tre av dei eg bur med. Og ja vi hadde pynta oss sjølvsagt!



Idag har vi vore på stranda. Trur kanskje eg har valt ein litt høg faktor for det visar ikkje så veldig godt akkuratt. Men det er vel betre enn å sjå ut som ein tomat. Stranda vi var på idag var den finaste så langt vil eg sei.



PS: For dei som endå ikkje har forstått det så er alle tittlane på denne bloggen sangtittlar. Fortvil difor ikkje om tittelen er på bokmål!

tirsdag 17. februar 2009

Here, there and everywhere


Teknologien har jobba mot meg i ganske lang tid no så det er grunnen til at eg ikkje har oppdatert bloggen på lenge. Dessutan har det foregått ein del dei siste dagane.

Eg har begynt å bli vant til Australia og varmen (dei siste dagane har det faktisk vore ganske varmt). Eit par ting forundrar eg meg framleis stadig over. I butikken pakkar dei til dømes alltid matvarene dine ned i ein pose med ein gong etter at dei har slått dei inn på kassen. Dette fører sjølvsagt til at alt tar mykje lengre tid når folk handlar mykje, og køen fram til kassen hopar seg opp Sjølvsagt køyrer dei på feil side av vegen, rulletrappene er også på feil side. Og når du møter nokon går dei alltid til venstre, medan eg er vant til å gå til høgre (vanlig praksis i serveringsbransjen). Dette ender difor med at eg kolliderar med alle eg møter på gata! Ein svenske (dei er overalt) fortalte meg at han var i eit symjebasseng og kolliderte med alle, heilt til han forsto at dei ikkje berre køyrer, men også svømmer (ja pappa, eg veit at det heiter sym) på venstre side. Lysbrytarane står også ned når dei er på og opp når dei er av. Men eg har enda ikkje fått testa ut om vatnet i vasken renn feil veg når ei tar ut proppen. Eg leitar fortsatt etter ein propp, for å kunne prøve denne teorien ut mot empirien.



I helga hadde eg besøk av Ingebjørg som studerar i Brisbane (2 timar med fly). Til våre foreldre vil vi gjerne opplyse om at det er ein time tidsforskjell på Brisbane og Melbourne. Dei tidligare nemde hadde nemlig hatt ein diskusjon på heimebane om det var 9 eller 10 timar forskjell på Australia til Norge. Begge hadde rett!

Medan Ingebjørg var her hadde vi litt sight-seeing (eller synfaring om du vil) rundt i byen. Melbourne er ein fantastisk fin by som har mykje å by på. I følgje sikre kjelder (Ingebjørg) er den finare enn Brisbane. Det var kjekt å få besøk, for på dette tidspunktet hadde ikkje bitt kjent med så mange. Ingebjørg har og den eigenskapen at når vi er ute å handlar må ho alltid rekne om til norsk valuta for kvar minste ting, sånn høgt for seg sjølv. Dette kan vere nyttig, men også ganske irriterande!



Folk i Melbourne er veldig blide, høflege og hjelpsame. Dersom vi har gått oss vill (har skjedd eit par gongar ja) kjem dei alltid bort å vil hjelpe, nesten før vi spør. Det fins likevel unntak. Her om dagen når eg, Ingebjørg og Kamilla gjekk på gata og snakka på vårt morsmål (trur ikkje vi snakka så veldig høgt ein gong), snur dama som går framfor oss seg og seier: ”Respekt the ground you are walking on, speak australian”. Min første erfaring med kvardagsrasisme!



Alle byar med respekt for seg sjølv har ei elv som renn gjennom byen (Eg nevner i fleng: London, Paris, Budapest, Førde, Viksdalen (omtrent dei byane eg har vore i). Dette gjeld sjølvsagt også for Melbourne.

Mine bufellar har endelig flytta inn. Alle fire er frå Canada, så vi har i det miste snø og Celine Dion til felles! Skulen har også begynt så smått. Denne veka har vi hatt informasjonsopplegg kvar dag. Ein av informasjonsbolkane var om edderkoppar og korleis drepe desse. Du kan enten slå til den, fange den i ein kopp eller spraye den med insektspray. Dei vanlegaste edderkopptypane vart også presentert. Spiderman var ein av desse. Han er ikkje farlig, men hjelper jenter i nød (kjære Ingrid, eg skal ringe deg om eg ser han!).

På kveldane har det vore sosiale aktivitetar med alle dei internasjonale studentane. Ikkje før neste veke kjem dei andre studentane, og då begynner O-week som eg trur liknar litt på fadderveka heime. Eg har blitt kjent med ein del av dei andre internasjonale studentane. Mange av dei bur også her i det same leilegheitskomplekset som vi bur i. Det er kjempemange frå Malaysia og andre delar av Asia, og desse har ein tendens til å menge seg med kvarandre. Men også mange frå USA og Canada (alle i mi leiligheit).

Ein Italienar som bur her har også vore utvekslingsstudent ved NHH i Bergen. Han likar og fortelje dei andre kor dyrt alt er i Norge (men også kor vakkert det er). Noko som gjore inntrykk på han var kor gamle eksamensvaktene var. Eg prøver å sei at i Norge likar vi å sysselsette alle, også dei gamle!

Har ikkje blitt så veldig brun akkurat. Folk tippar at eg er frå Norge heile tida, veit ikkje om det er eit godt tegn. Men skal prøve å få gjort noko med det ved å reise på stranda til helga (gått til innkjøp av 30 + solkrem).

torsdag 12. februar 2009

By the way

Viss nokon tilfeldigvis vil ha adressa mi (dette er ikkje eit hint, eller joda!), saa er den:

Room 1
Unit 6/1 Warley Road
Malvern East Vic 3145
Australia


Ingenting er som litt sol i augene! Tankar fraa meg til dokke i snokaoset:)
Ser forresten veldig bleik ut, prover aa gjere noko med det snarast!

Dyrene i Afrika






I gaar var eg og Kamilla i Melbourne Zoo. Vi gjekk oss jammen litt vill paa veien men fann fram til slutt. Her saag vi dyr fraa blandt anna Afrika (difor tittelen).



Men ogsaa sjolvsagt Australske dyr og endeleg den etterlengta kengeruen! Ikkje saa mange av dei var interessert i aa pose, sjolv om vi hadde reist jorda rundt for aa mote dei!




Hm, ska tru ka som e paa tv i kveld?







Pass deg for denne i Viksdalsfjella!




tirsdag 10. februar 2009

In my place

Ein ny dag i Melbourne. Forelopig er det overskya og vind, saa hetebolgja eg hadde hort saa mykje om er det ikkje mykje igjen av. Eg har komt paa plass i leiligheita, men dei andre eg skal bu med har ikkje komt enno. Akkuratt no er det difor litt einsamt. Ressidence folka er veldig hjelpsomme. Dei held til i ei leiligheit under meg og seier at eg berre maa komme ned om eg vil henge, eller faa mat (dersom eg ikkje kan lage min eigen!). Kvar dag kjem dei aa spor om det gaar bra med meg og saann! Saa det er jo hyggelig. Haapar dei eg skal bu med kjem snart.






Her er huset mitt. Eller det er eit leiligheitskompleks med mange leiligheiter (det her er vel ikkje akkuratt der eg bur men det ser jo heilt likt ut!) Det er ikkje saa fint inni som utanpaa, men det er heilt ok +! Rett utanfor er det ein motorveg som braakar noko heilt forferdelig. Men rommet mitt er paa baksida, dessutan er jo oyreproppanne min beste ven!

Den store brannen som alle sikkert har faatt med seg er ca ein time vekke (eller meir) herifraa. Merkar ikkje saa mykje til det anna enn paa fjernsynet. Vaer difor ikkje bekymra for meg. Det er likevel faelt aa sjaa korleis fleire tusen har mista alt dei eig i den verste brannen i Australia si historie. Haapar at dei snart kan faa kontroll over den. Det er landesorg, og alle flagga er difor paa halv stang.

No skal eg ut aa kjope litt "stuff" som eg treng til leiligheita. Paa gjennskriv!

All the way

Endeleg framme i Australia etter ei flyreise paa 2+11+9 timar. Gardemoen var stengt heile kvelden og natta for vi skulle reise pga sno, saa eg var sikkert paa at alt skulle gaa til pises. Men naar vi kom dit var alt som vanlig, bortsett fraa minst 10 broytebilar paa rullebana! Vi maatte berre skrape flyet litt for snoo, saa var vi klare!

Reisa gjekk overaskande fort. Eg reiste ilag med Kamilla som og skal studere i Melbourne. Paa flyet sat vi ved sida av ein mann som ikkje reiste seg i det heile tatt paa dei 11 timane vi var der. Kamilla meinte at han maatte ha utlagt tarm, men vi turte ikkje akkuratt aa sporre!



Kamilla paa det vesle hotellrommet vaart

I Melbourne sov vi paa eit hotell forste natta. Idag har vi utforska byen litt, og no har baade eg og Kamilla komme oss paa plass der vi skal bu. Mitt Universitet, Monash University, ligg litt utanfor byen. Det er ogsaa her eg skal bu. Kamilla sitt er i sentrum av Melbourne.

Veret er overskya, det er vind og ikkje saa veldig varmt. Ei dame eg snakka med i stad meinte det var heilt forferdelig kaldt. Eg provde aa sei at i Norge er det sno, men trur ikkje ho forsto greia. For min eigen del er eg godt nogd med overgangen fraa stovlettar og kaape, til flip-flops:)
Mitt forste mote med kenguruen. Den er
desverre ikkje ekte, men staar i ein hage like ved der
eg bur. Den manglar eit oyre stakkar!



fredag 6. februar 2009

Girl in Oslo


Første stopp på den lange reisa, var metropolen Oslo. Her var det jammen mange rare menneske å sjå!





Tida gjekk med til å henge med gamle kjente og førebu seg på den store reisa. Overgangen frå snøfulle, kalde og blåføtter-Oslo til solrike varmerekord- Melbourne, vil nok bli stor!