onsdag 25. februar 2009

Does your mother know?

Det viser seg at den mykje omtala O-week for det meste er påtenkt førsteårsstudentar (som plutselig er på alder med Sverre (= liten!). Så eg har i det siste følt meg litt gammal saman med desse veldig festklare/gla for å flytte frå mamma/endelig skal eg starte på universitetet-kidsa. Men det er jo alltids mykje gratis mat ein kan få. Aussiar elskar og grille, eller BBQ som dei kallar det. Pølsene er jo sjølvsagt brente og i brød (ikkje pølsebrød)!



Dei to siste dagane har vi vore på eit slags marked på skulen der alle klubbane som fins har ulike stands, og ein kan melde seg inn i alt mulig. Det er litt som Grieghallen i fadderveka, berre at det er ute og nesten alt kostar pengar å melde seg inn i. Og jammen fins det mykje rart. For eksempel er det ein eigen sjokolade klubb. Eg var sjølvsagt så uheldig og svare ja på eit spørsmål om å høyre meir om ein klubb eg ikkje hadde peiling på kva var, og enda opp med å høyre på eit 20 minuttar langt foredrag om korleis desse menneska trudde på både Gud, Allah og Buddha samtidig og korleis dei praktiserte dette (ikkje spør meg korleis). Skal vere litt meir forsiktig med det neste gong ja.

Idag har det også vore ein informasjon for dei ulike fakulteta og institutta dei har. Følte i grunn ikkje at det var så veldig nyttig, men igjen det var gratis mat!

Dei eg bur med har allerie oppdaga min trang for å planlegge alt mulig. Spesielt med tanke på kva skal vi gjere/vere med på i morgon kveld og gjerne dagen etter det. Julia (som eg bur med) lurte på om det var min kultur som var sånn!

Snakka forresten med ei australsk jente her om dagen som lurte på om eg kjente nokon folk frå Tyskland som ho kjente. Joda Europa er jo kanskje litt mindre enn Australia, men det får no vere måte på!

Kjære Jade, Anne-Sofie, Lisa, Kristin m.fl. (også kjent som Suhsi klubben) Dette hadde eg til middag i går, og ja sushi er veldig billig.




Ser no at dette innlegget har handla mykje om mat. Eg vel difor å legge ut eit bilde av dei 4 par skoa eg har kjøpt meg. 4 par for ca 200 norske kroner!



Ser at Kronprinsessa har forlova seg, det er jo kjekt! Prøver å sjå på NRK nett-tv men lyd og bilde kjem ikkje samtidig (har litt dårlig nett) så det er jo litt vanskelig!

6 kommentarer:

  1. Ville berre seie at bloggen din er stor underhaldning i heimen! :) Håpar du trivast saman med dine nye sambuarar og at dei er klar over at det skal vere stille etter kl. 23.17.

    SvarSlett
  2. fantastisk den siste kommentaren til Anne-Stine! *sakne Firdatida litt*
    og fantastisk blog! eg ler nesten høgt!
    "Foringa" i dei skoa var berre SÅ deg! ;)
    Have a good one mate!
    (no stikk eg til Istanbul, for å prøve å konkurrere i å vere mest eksotisk - ok, du vinn uansett...)
    klem!

    SvarSlett
  3. Dei er ikkje alltid klar over det dessverre nei. Men øyreproppane tar som regel det verste!

    SvarSlett
  4. ÅH SUSHI! silje, eg savna deg!

    SvarSlett
  5. men silje... dei skoa e jo kliss like!!!!

    SvarSlett