søndag 28. juni 2009

High Speed

Dei tre siste vekene har det vore mykje reising fram og tilbake. Her er noken smakebitar.



Fargerike naust utanfor Melbourne.



Random surfers i Sydney.









Endelig i Syden!


Randi smakar tim tams for første gong, og ho LIKAR det!







Road trip


Great Ocean Road




Ingebjørg slappar av framfor peisen.

PS: Takk til Randi for bilder.

lørdag 27. juni 2009

Only one road


Torsdag la Silje, Randi, Kamilla og Ingebjørg (som hadde tatt turen nedover) ut på road trip, nærmare bestemt Great Ocean Road som går på botnen av Australia, frå Melbourne og østover. Dei tolv apostlane som no berre er ni var eit av høgdepunkta. Turen vil i det vidare bli oppsummert i stikkordsform.

Vi såg også ville koalaer og kengeruar. Kamilla var flink til å køyre bil. Silje var ikkje så flink med GPS, men Randi blei etterkvart god venn med Liv frå Sunnmøre. Ingbjørg hadde kontrollen på fakta om plassane vi passerte mykje takka eit blad ho fann på hostellet som egentlig var eit godt gamaldags bygdepensjonat. Rødbetar og egg på hamburgeren er ikkje så godt. Dårlig stemning kan fiksas med litt kaffi, mat og ein tur på do. Vassendengutane er fin road trip musikk. Folk på leirskule er bråkete når andre vil sove. Ingen bør gå frå bordet før Ingebjørg er ferdig å ete (ja Silje og Randi ete altfor fort). Hoppebilde kan ein aldri få nok av (takk Kamilla igjen).



Walking on Sunshine

Ferden gjekk vidare til Sydney og god været smilte til oss. Ja eg har vore der før men hadde ikkje noke i mot og reise ein gong til. Dei vanlege sight-seeing tinga vart gjort igjen. Og vi var på klassisk konsert i operahuset. Viviann, du ville vore stolt av oss!

Akvariet og dyrehagen fekk også eit besøk. For første gang såg eg ein kengeru med ein liten joey i lommen.



Shopping var i grunn eit gjennomgangstema på heile besøket, og diverse skatte, ferie og andre pengar fekk køyrt seg.

Ein dag tok vi turen til Mainly og fekk solnedgang over operahuset og brua på veg inn igjen til byen. Vi traff ei gammal dame som prata heile ferjeturen om livet sitt og plassa ho hadde reist. Når vi skulle gå av oppdaga vi at mannen sat inne. Ho sa det var viktig å halde kontakten med gamle vener og det sa vi oss einige i.

Randi fekk smakt sushi og sa det va heilt ok. Hoppebilde blei det sjølvsagt også tid til. Dette er Silje og Bondi beach.



Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

All at Sea/ Crocodile rock


Dårlig oppdatering på bloggen i det siste skyldast at eg nesten ikkje har vore heime dei to siste vekene. Etter tre dagars sight-seeing i Melbourne med turisten Randi gjekk turen vidare til Cairns i Queensland og opp til Port Douglas.


Å reise frå Melbourne til Cairns er omlag like langt som frå Norge til Gran Canaria, noke som fekk gjesten frå Norge til å forstå kor stort Australia eigentlig er. Og det er på ein måte som Syden fordi alt er jo omvent på den nederste halvkula. Det betyr at i sør er det kaldt og i nord er det varmt. Det var deilig å reise frå 6 grader og vinter til 25 grader og sommar. Syden (eller Norden om du vil) har andre typar palmar, tropisk klima, varme strender og sjølvsagt turistar og jalla butikkar.


Port Douglas er ein av inngansportane til Great Barrier Reef, og revet skal vist vere på sitt finaste her oppe. Vi hadde egentlig tenkt å dykke, men lot oss overtale til å snorkle fordi korallane uansett er på overflata av havet. Først måtte vi ta båt i fleire timar ut på havet. Med TO sjøsjuketablettar innabords ungjekk vi dei same ubehageligheitene som sist. På vegen tilbake tok eg to nye og følte meg veldig trøtt og søvnig, men akk så lykkelig for å sleppe å smake den same lunsjen to gongar.

Midt ute på opne havet fann vi revet og det var heilt fantastisk stilig. Nemo og vennene hans var der og, og ein del andre rare plantar og dyr. Og Silje og Randi såg bra ut i våtdrakt og snorkelmaske (jamfør bilete ovanfor).



Queensland og forsovidt Australia er i grunn kjent for tre ting: Great Barrier Reef, strendene og regnskogen. Vi fekk sjølvsagt med oss alle tre. Etter ein halv dag på stranda som gjorde godt for kvite kropppar, var det Mosmann regnskogen som stod for tur. Her bada vi i den kalde ferskvatn elva som likna litt på Neselva berre at den hadde fiskar. Så slepte vi laus eventyraren i oss og reiste på krokodille safari med båt på ei heilt anna elv eit stykke unna (for å gjere det klart: den første elva var altfor kald for krokodillene). Og JA vi såg krokodillene, og fytti fytti fytti dei va store.




søndag 14. juni 2009

You got a friend


Idag kom Randi til Australia. Det var heilt ubeskrivelig kjekt å sjå ho igjen, og jammen blei det ikkje sol også. Vi brukte dagen i botanisk hage, på Melbourne Museum og vi var oppe i den høgaste bygningen i Melbourne med utsikt over heile byen.



Dei neste dagane er sjølvsagt fullpakka med sight-seeing planar. Randi må berre sove litt og venne seg til dag og natt på riktig plass. Det gjer ho no.

Ellers vil eg også gjerne sei at i går åt eg kengeru og det var kjempegodt, faktisk!

Idag åt vi TORO gryterett som Randi hadde med. Det er sjølvsagt alltid ein hit, akuratt som då vi var 16 og budde i Leirbrekka. Canadiarane var ivrige tilskodarar.

fredag 12. juni 2009

Ut mot havet


Nok ein nasjonalpark har blitt besøkt, og nok ein gong har vi leigd bil uten å skade verken oss sjølv eller bilen. Litt dårlig stemning var likevel å finne på starten av reisa, mykje grunna at ein enkelt deltakar hadde forsove seg. Men dette ordna seg raskt etter litt kaffi, ein riktig innstilt GPS og ein litt sein men dyktig sjåfør på plass i førarsetet.


Denne gongen var det Wilsons Promontory National Park som sto for tur. Flotte fjell og natur, og sjølvsagt strender heilt nederst på tuppen av Victoria, 3 timars køyretur frå Melbourne. Kengeruar, wallabies og søte wombats var å sjå rundt omkring.



Og EG køyrte faktisk bilen eit lite stykke også. Sjølvsagt langt ute på landet der det ikkje var nokon andre bilar (jamfør tidlegare inlegg om å køyre opp på coopen og ned igjen). Litt vanskeleg å hugse på at ein skal køyre på venstre sida også etter ein har køyrt ut i eit kryss, men som sagt ingen andre bilar, so no stress i joggedress.







Utsikt frå toppen av fjellet som vi gjekk på. Lufta var fresh!




onsdag 10. juni 2009

Skippy Theme




Eg og Kamilla tok på vår første feriedag turen til The Gramphians. Det er ein nasjonalpark 3 timar frå Melbourne med ein ganske kjent fjellformasjon. Ikkje det heilt store for oss normenn, men vert eit besøk likevel. Vi var blant anna på ein liten "hike" og enda opp langt framfor dei andre som hadde store problem med å gå på alle steinane på stien, huff så vanskelig. Etterpå fekk vi høyre frå den japanske dama som var med at vi va "good walkers". Jo takk for den!





No ser eg atter slike fjell og dalar..

Det var kjekt å komme seg litt ut i naturen igjen itte gammalt, og kjenne på litt bakkar og slikt!
Vi var innom eit Aboriginal Museum. Så såg vi på ein foss som var heilt ok. Men det aller kjekkaste var å helse på kengeruane som levde fritt rundt omkring. Her ligg dei å solar seg.


mandag 8. juni 2009

Oh Happy Day

Då var min utdannelse på Monash University fullført, og eg har lagt bak meg ei veke med om ikkje blod, om ikkje tårer, i allefall svette, lite søvn, mange bekymringa og nokon tunge stunder. Men no er alt skreve og levert og signert!

Dersom vi antar at eg har stått på alt som er å stå på (og det gjer vi jo) reiser eg jammen heim med ein bachelor grad i bagasjen, og det er no ikkje verst berre det.

Så no er det tid for å bruke opp resten av pengane, og få må seg mest mulig før eg set meg på flyet heim om ein månad! Om ei veke får eg besøk av Randi og det gledar eg meg veldig til:)

Siste dag på Clyton Campus. Tilbake til Nygårdshøyden!

fredag 5. juni 2009

Ja vi elsker


Frile, Freia, Hansa, fjell, gylle, laks, Tine, fårepølse, kvitveis, Lerum, lam, Lepsyl, NRK, Grandiosa, fiskepudding, GO Morgon jogurt, nyslått gras, raspekake.

Ein blir i grunn litt nasjonalromantisk av å vere langt vekke å sjå sitt eige land frå utsida.




-Har dokke blitt meir bevist på og stolte av dokka eige land etter at de kom hit? spør læraren min i contemporary Australia.
–Ja, svarar eg.
-That’s just because you guys won the Eurovision!




Men eg elskar no Norge uansett eg!





Ikkje rart at Tidemand og Gude malte litt når dei var i Tyskland.

onsdag 3. juni 2009

Grisen står og hyler


Verknadane av svineinfluensaen er ikkje så ille som tidlegare antatt. Likevel spreier den seg som il i tørt gras i Melbourne og Victoria for tida. Bekrefta tilfelle her er no oppe i 504, og dei stenger skular og greier.

Idag såg eg ein fyr med maske på skulen, og eg fekk ein mail frå Monash som sa: "It is now almost certain that in the next one or two weeks confirmed cases of HINI 09 will emerge amongst students and staff atMonash".

Så jada. Det er visst vaksine og ein kjem ikkje til å dø, men det er jo greselig kjedelig og ikkje kunne gå ut av huset på to veker då. Litt upraktisk er det også med tanke på eksamen.

For noken dagar sidan var eg ganske slapp og hadde litt ilt i halsen. Eg frykta det verste, men det viste seg at det berre var eksamenssjuka og litt stressmage (foreløpig!). Eg er no frisk og rask igjen. Det ordnar seg alltid for snille jenter som brukar antbac!

PS: Ja eg er fullt klar over at songen eigentleg heiter "Kveldsong for deg og meg" men dette er untaket som bekreftar regelen.

tirsdag 2. juni 2009

We are the Navy Blues


I helga var eg å såg ein australsk fotballkamp, foottie, i AFL eller Australian Fotball League om du vil. Australia er sjølvsagt dei einaste som har denne sporten og det er verkeleg noko for seg sjølv. Ei god blanding mellom fotball, handball, crcket, slåball, amerikansk fotball og rumpeldunk kan ein vel sei at det er.

Bana er veldig stor og dei 18 mennene på kvart lag spring som noken galningar. På kvar side av bana er det fire store stolpar som liknar litt på flaggstenger. Det er om og gjere å få ballen inn mellom desse. Så er det litt ulik poengfordeling etter om du treff dei store eller dei små stolpane. Og viss ein mann fangar ballen innanfor ein strek framme så får han kaste mot mål derifrå. Dei kan springe 10 meter med ballen før dei må kaste den frå seg. Ellers er det visst berre å hive seg på å takle den som har ballen til ei kvar tid. I grunn litt for innvikla for min enkle sportshjerne, men kjekt var det lell.


Det er 4 omgangar på ein halvtime kvar. Og for å sei det sånn, dette er ikkje noken pysegutar. Dei hoppa på kvarandre og sleit i kvarandre. Spelarane var 2 meter høge muskelbuntar som fekk dei gode gamle europeiske fotballspelarane til å framstå som pingler. Her var det ikkje hjelp i og legge seg ned å grine.




Staute mannfolk. Takk til Kamilla for detaljert bilde!

AFL er veldig populert her i Melbourne og Victoria, og berre 6 av 16 lag i Australia er frå andre statar. Så det sitte liksom litt i folkesjela kan ein sei, noko vi fekk merke til gangs. Bak oss sat ein mann og ropte og skreik stygge ord når det var noko han ikkje likte. Ved sida av oss sat ein som heia på det andre laget og gjorde tilsvarande. Men mellom dei to var det ingen disputt. Aussiar er visst greie fans slik. Dei lever i fred og harmoni med folk som heiar på eit anna lag, og kan ta det same toget heim.
Kampen var ein organisert tur med australia klassen for å få med seg denne viktige delen av australsk kultur (!). For å sitere læraren min: "Om USA hadde gått til krig mot oss ville footie framleis vore på framsida av avisa".



Legg merke til mannen i bakgrunnen. Han tar det heile litt meir seriøst.


Dei som spelte var Carlton (det lokale laget) mot West Cost Eagels. Og viss du lurer på tittlelen så er det er kampsongen til Carlton. Den blei spelt på begynnelsen, og Kamilla fekk lyst å synge Nystemten.