mandag 8. juni 2009

Oh Happy Day

Då var min utdannelse på Monash University fullført, og eg har lagt bak meg ei veke med om ikkje blod, om ikkje tårer, i allefall svette, lite søvn, mange bekymringa og nokon tunge stunder. Men no er alt skreve og levert og signert!

Dersom vi antar at eg har stått på alt som er å stå på (og det gjer vi jo) reiser eg jammen heim med ein bachelor grad i bagasjen, og det er no ikkje verst berre det.

Så no er det tid for å bruke opp resten av pengane, og få må seg mest mulig før eg set meg på flyet heim om ein månad! Om ei veke får eg besøk av Randi og det gledar eg meg veldig til:)

Siste dag på Clyton Campus. Tilbake til Nygårdshøyden!

1 kommentar:

  1. Gratulerer, Silje Marie! Kos deg resten av tida 'down there', vi gler oss til du kjem heim att!

    SvarSlett