fredag 29. mai 2009

The sweetest thing

Idag er dagen for å fortelle om vener eg har fått i Australia og sjølvsagt som så ofte før, avslutte med litt mat.

Ei av jentene i klassen min hadde laga eit farvel kort til meg. Det er vel unødvendig å seie at ho er over gjennomsnittet flink til å teikne. Det norske oversettelsen hadde ho slått opp på internett. Det er kanskje litt vanskeleg å sjå her men det liknar faktisk ganske mykje. Eg har aldri blitt teikna før så eg syns det var veldig søtt og litt stas!


Dei eg bur med er stort sett også veldig søte og greie, sjølv om oppvask og ryddemoral ikkje alltid er den beste. For tida køyrer eg ein "vask deg på hendene når du kjem heim, eg vil ikkje ha svineinfluensa" kampanje i heimen (for dei som måtte lure, ja den spreier seg som bushfire her for tida).

Her er eit bilde av dei søte Canadiarane som eg har lova å besøke.


Eg lova deg mat, og her kjem det. Forrige helg var eg, Kamilla og østerikaren (eller Arnold som eg likar og kalle han) på Ikea og åt kjøttbollar. Dei hadde ikkje meir poteter eller pommes frites igjen, så det blei med pasta. HAILT spesielt, men likevel godt. Det stilige med Ikea er at dei har beheldt alle dei svenske namna, og inne er det heilt likt som Åsane. Fekk også kjøpt meg noko ekte knekkebrød i det svenske mathjørnet.

onsdag 27. mai 2009

The hardest part

Å vere sint på engelsk går rett å slett ikkje. Eg har prøvd fleire gonger men får det rett og slett ikkje til. I to av faga mine har eg til tider blitt ganske så irritert på enkelte fnisejenter som er 19 år men virkar som om dei er 14, og som stiller mange teite spørsmål. Og eg føler at eg er på ungdomsskulen og ikkje på Universitetet. Her om dagen brukte vi sikkert ein time på å gå igjennom korleis vi skal skrive eit essay og det var til og med i eit andreårs fag. Kanskje var det ein grunn til at vi måtte ta Ex. Phil likevel og det er mulig Universitetet i Bergen er inne på noko.

Så når eg blir frustrert og helde på å gå på veggane fordi folk tilsynelatande ikkje forstår det openbare og spør oppatt om det same fire gongar, skriv eg stygge ord på norsk i boka mi og prøver å tenke på vaflar og kvitveis. Dersom eg prøvar å forklare min frustrasjon eller somme tider sinne til nokon får eg det ikkje til, og dei forstår ikkje problemet.

No trur du kanskje at "Silje som student i Australia" difor er ei glans historie faglig sett, og at eg krusar igjennom kursa mine som ein surfar på ei perfekt bølgje. Eg må nok avkrefte dette. Historieklassen min består av alle desse smartutsjåande, kritisk tenkande, veltalande australske studentane som verkar å ikkje ha gjort anna enn å gå på Universitetet. Og når historielæraren min spør meg på veg heim frå ein felttur der vi har sett på "heritage" bygningar, om Norge hadde mange øydeleggelsar under krigen, veit eg no ikkje riktig kva eg skal svare.

Men med ein klasse beståande av berre Asiatarar, ein med berre australske jenter på 19 år, ein med berre utvekslingsstudentar med sans for det gode liv, og ein med dei kritisk tenkande glupe (jmfr. ovanfor) føler eg i grunn at eg har fått litt av alt. Uansett går det styggeleg fort mot slutten, og det skumle ordet på E er umåteleg nærare enn nokosinne. I skrivande stund er det 3 eksamenar og to store innleveringar att, og det heile skal føregå i løpet av dei neste 11 dagane.

Eg har i grunn alltid vore ein strukturert og planmessig person. Og det går opp for meg no at dette kjem av at eg hatar å stresse. Stress er slitsamt og får ein til å handle irrasjonelt. Likevel er stress noko eg kjem til å oppleve mykje av den neste ei og halve veka. Men stafett er stafett, utveksling er utveksling, og viss eg berre skulle sitte inne å lese heile tida kunne eg likegodt gjort det heime. Så eg bit tenna saman, kokar kaffi og tenker at prisen er verdt å betale. Trur eg skal greie meg ok, kanskje ok + (bortsett frå i det superseriøse historiefaget).

fredag 22. mai 2009

Super Trouper

Eg lar meg ikkje så lett imponere har eg fortsått. Eg trur det må ha samanheng med at eg er ein traust Sunfjording, ikkje veit eg. Desse Nord-Amerikanarane derimot. Enten så er noke HEILT fantastisk eller så er det kjempedårlig. Eg held meg stort sett alltid på midten av skalaen. Det er ikkje det at er kristisk, men eg har liksom sett betre. Heilt ok. Det er jo bra men ikkje SÅÅÅ bra. Til mitt forsvar vil eg gjerne sei at det er ikkje så ofte eg syns noke er HEILT forferdeleg heller.

I det vidare vil eg komme med nokre dømer som illustrerar mitt poeng.

For noken veker sidan var vi på musikal og såg Wicked. Det var heilt ok og ganske kjekt. Vi fekk også grøne drinkar med lysande glas. Ganske kult, ok +.



Mi hollanske venninne var å såg noken fossar og noken fjell for litt sidan. Ho var heilt i ekstaste. Det var ikkje måte på kor vakkert og fantastisk det var. Dette er fossen. Framfor står ho og visar med hendene kor stor den er:


På fredag hadde ein av italienarane bursdag. Eg laga som seg hør og bør ei kake. Å du og du kor god denne kaka var. Og at eg har laga den heilt sjølv? Er det sant?



Når noko er morsomt for meg, er det HILARIOUS for dei. Viss det er noko godt til middag er dei SO EXCITED!
Det er viktig å glede seg over dei små tinga her i livet. Det er eg med på. Men når det kjem noko som verkeleg er bra så har ein allereie brukt opp alle orda. Det blir litt sånn: - Denne månaden har vi det største salet nokonsinne! Ja men kva ska vi sei neste gong då?
Ellers er været ganske bra til vinter å vere. Det er jo ikkje så varmt, men det er sol og ganske behagelig temperatur på dagen. Heilt ok!
Idag hadde eg TORO risengraut til middag, spesialtsendt frå Norge. Det var no veldig godt då, for all del. Ok ++ Takk mamma:)


søndag 17. mai 2009

Norge i rødt, hvitt og blått

Og Silje sjølvsagt også i rødt, kvitt og blått!

Nesten så langt vekk det er mogeleg å komme frå fedrelandet, feira eg i år nasjonaldagen. Det heile starta med Gudsteneste på den svenske sjømannskyrkja i Melbourne. Sjølv om kyrkja er svensk var presten og konsulen norsk, og alt som kunne krype å gå av Nordmenn i Melbourne var på plass. Mange hadde kledd seg i lusekofter, Mariusgensar og topplue. Nokre hadde bunad.




Folk i alle aldrar var til stades. Ved sidan av meg sat ei dame som sa ho var frå Selje i Nordfjord, men ho hadde budd i Australia i 57 år. Etter at vi hadde hatt barnedåp, sunge fagert er landet og Fedrelandssalmen, og eg hadde irritert meg maksimalt over spelinga til organisten, var det klart for å gjere det norskaste av alt, nemleg gå i tog.







Eit innleigd australsk brassband spelte "Ja vi elsker" og alle var godt fornøgd. Etter at helsinga frå King Harald og Queen Sonja var lest opp masjerte vi nedover veien, med politieskorte i front.






Etter omlag ti minuttar snudde vi og gjekk tilbake.






Pølse med brød, kaker og kaffi vart servert og ungane hadde leikar.




Men ikkje alt var som det bruka å vere. På bakken låg det gule og visne blad og omgjevnadane var kledt i haustfargar. På første nasjonaldag i eit framant land gjekk tankane tilbake til flosshattar, buekorps og Nystemten, for ikkje å snakke om grøne bjørkekvister, gyllelukt og nypynta gymsal. Og ei nystrøken skjorte, klingande sølgjer og ull som klør, men også varmar på beina.
På Federation Square midt i Melbourne, var det for tredje året på rad (eller noke sånt), norske flagg på alle stenger. Stilig eller ka? Takk til Kamilla for bilde.



Om kvelden var det fest med ANSA og tre rettarts middag. Norske produkt og mat blei lodda ut. Og eg klarte å overtale ein danske til å gje meg ein pakke TORO betasuppe som han hadde vunne. Som han sa: "Det er jo berre suppe". Joda, du om det.



Ei innhaldsrik og nasjonalistisk helg, har fått meg til å lengte heim til fedrelandet. I staden for å skrive oppgåve finn eg meg sjølv sittande å sjå på nett-tv med tog, kongefamilie og Alexander Rybak. "Ingen andre stader er som Bergen på 17. Mai" i følgje Hermann Friele. Eg leitar etter Sirenene i toget, og ser at ein skyfri himmel og vind fekk flagga til å blafre friskt i Sogn og Fjordane. Men kvardagen kjem vel tilbake for dykk der heime også, og diskusjonen om kven som skal arrangere neste års finale har allereie starta.





Og eg lengtar so tidt, dette landet å sjå,
og det dreg meg so blidt, når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår vert min saknad so sår,
so mest gråta, mest gråta eg kan.
Å eg minnest, eg minnest so vel dette land!

lørdag 16. mai 2009

Fairytale


For første gong i heile mitt liv (kanskje bortsett frå mitt første leveår, då eg tvilar sterkt på at eg fekk med meg showet i Grieghallen frå vogga) fekk eg i år ikkje sett den O store Eurovisjon Finalen. Internettet mitt er ganske treigt og hakkette så eg fann etter ei lang vurdering ut at det var lite vits å stå opp kl 5 for å prøve å sjå det.

Å jammen trur du ikkje, akkuratt dette året, jo då skulle Norge gå av med seieren. Og eg gjekk glipp av heile greia, fordi eg sov.

Ei viktig fellesoppleving i nasjonen sitt liv gjekk tapt, og eg føler det her er på sin plass å sitere frå semesteroppgåva mi som eg skreiv i fjord:

"Den nasjonale samhøyrsla oppstår som ein aning om at vi ser og lyttar saman med dei andre. Som om vi var på same stad og tok del i same situasjon. Fjernsynet gjev oss også ei kollektiv stadfesting på at vi er ein del av samfunnet. I dette ligg eit motiv for å følgje med, sjølv på program ein ikkje eigentleg er interessert i. Ved å sjå på desse programma har ein inntrykk av å halde kontakten med sine landsmenn (Johansen 2001:378-379)".

Eg føler meg i dag utanfor det nasjonale fellesskapet. Og sjølv om eg kan sjå reprisen, blir det aldri det same.

Autralia er som kjent ikkje i Europa og tar det heile med stor ro. For nokon dagar sidan beskreiv ei australsk avis det slik: "Swine flu has given way to an annual fever sweeping Europe- the Eurovision Song Contest".

Jaja GRATULERER då Rybak. Neste år er både eg og heile Eurivisjonen i Norge, og då skal INGENTING få stoppe meg.

Summer Night City


Eg har sagt det før og eg seier det igjen. Melbourne er ein kjempefin by som absolutt er vert eit besøk. Den har litt av alt. Eg likar godt å gå rundt å utforske byen og brukar framleis Melbourne boka som eg fekk til jul flittig (takk Ingebjørg).

Syns ofte det er synd at eg ikkje bur i sjølve byen, men då hadde det til gjengjeld blitt veldig lang vei til skulen. Så slik er det tenkt.

I det vidare kjem nokon smakebitar frå byen.






The Shrine of Rembembrance.








Frukt på Victoria Market.








Kyra i treet.



Idag var eg og Kamilla på heile to kunstmuseum og vi følte oss veldig kulturelle.


I morgon er det klart for den store dagen, og eg har fått forsyningar heimanifrå. Den eine pakken blei opna av posten fordi den vart ansett som misstenkeleg! Men alt kom fram til slutt og godt var det.


onsdag 13. mai 2009

Everything is Broken




I helga var eg på field trip til Broken Hill i New South Wales. Det er ein gammal gruveby som ligg i såkalla rual area, eller outbacken om du vil. Det vil sei at det tok oss 13 timar med buss dit og at det er absolutt in the middle of nowwhere. Når du køyrer ser du berre tomt land i fleire timar. Dei fleste stader er det så tørt at dei ikkje kan dyrke noko der. Etter denne turen har i allefall eg endra min definisjon av bushen.



Å komme til Broken Hill var på ein måte som å komme 40 år tilbake i tid. På grunn av gruvedrifta er det faktisk ganske mange som bur her, og dei har både kafear, butikkar, hotell og sjølvsagt pokie plassar. Hotellet vi budde på var meir eit pensjonat frå 60-talet, i dusjen var det mangel på både vatn og trykk, men alt har jo sin sjarm. Vi blei advart mot den "brutale" lokalbefolkninga som består av mange gruvearbeidarar som ikkje er vant med å sjå så mange vakre jenter på ein gong. Den første kvelden var på ein Musisians Club med eit ganske dårlig band og mange pokie maskiner. Og setninga "jammen sjå på dei då, dei ser jo heilt normale ut, og dei har jo til å med fine kle" vart flittig brukt etterkvart som lokalbefolkninga vart oppservert.

Så snart ein kjem ut av sjølve "townen" kan du sjå langt langt avgarde, uten å sjå nokon ting. Dette er ein skulpurpark, der vi var å såg på solnedgangen. It was beautiful! Naturen er jo ikkje akkuratt det eg vil karaktarisere som vakker og det er jo ikkje noko spesielt å sjå i grunn. Likevel er det noko heilt spesiell opplevelse og det er noko heilt anna enn det eg er vant med.



Folk i bushen blir sjuke som andre folk. Då er det godt at dei har the flying doctors til å hjelpe seg. Dei flyg til deg berre dersom du befinn deg meir enn 4 timar frå næraste town. I gamle dagar gjekk det ein tv-serie om desse, litt usikker på om den blei sendt i Norge.





Vi besøkte også ei gammal nedlagt gruve og vi gjekk ned under jorda. Det var ganske langt og mørkt og litt skummelt. Her tok dei opp sølv og bly i si tid. Gruvearbeidarane på 1800-talet jobba 14 timar under jorda og hadde berre stearinlys og hakke og hjelpe seg med. I gruvene i Broken Hill hentar dei fortsatt opp bly, men det går vist litt nedover med industien der og, og dei blir kjøpt opp av kinesarane.





Mungo nasjonalpark er nesten litt som å vere i ørkenen. Her låg det ein gong ein stor innsjø, men den er tørka ut som dei fleste ting i dette landet. I Mungo har dei også funne ei veldig gammal dame begravd. Og dette beviser at det fans menneske her for 50 000 år sidan. Aboginaren som guida oss, hevda at difor at dei første menneska er herifrå. Han var litt sint på Afrika fordi alle trur at det er der vi kjem frå.





Så sa han også at alle blå auga og lyshåra ville dø ut og at om eit par hundre år ville alle vere asiatarar. Følte kanskje at det låg litt sånn på sida av det vi eigentleg var der for å lære!

Vi fekk også ridd ein liten tur på kamelane. Kamelane blei innført av afghanarane, og passar egentlig ikkje inn i den australske faunaen. Mannen på bilde eig kamelane og han kunne snakke uten å opne munnen!



Ein dag besøkte vi ein gard ute i gokk, og fekk sjå ein mann som klipte sauer. Det var jo sjølvsagt stas for alle amerikanarane som filma det heile. Eg tok bilde av alt skrotet som låg utanfor huset, gamle bilar og anna dritt. Dei har jo så mykje plass og det er sikkert langt å køyre til nærmaste dumpeplass. Dessuten er det vanskeleg å gøyme det bak ein haug!

Vi såg ein del på solnedgangen. Det er jo ikkje så mykje anna å gjere på!

Spøkelsesbyen Silvertown er ein gammal gruveby der det ikkje lenger bur noken. Her blei Mad Max filmane visst nok spelt inn. Idag er alle bygningane heritage lista.






Dette er alle som var med på turen. Gjennomgangstemaet på turen var mat, og vi blei fora stort sett heile tida.

Den siste dagen var vi på vinsmaking på ein vingard i Mildura (på toppen av staten Victoria for dei geografi interesserte) kl ti på morgonen, før vi køyrte den lange vegen tilbake til Melbourne.







søndag 3. mai 2009

Fröken Fräken

Kvar lørdag tar mange melbornarar (som eg likar å kalle dei) på seg finstasen (dress, drakt, hatt eller fjær) og reiser på hesteveddeløp. Nokon er der for å bli rike, nokon er der for å drikke champagne og nokon er der sikkert for å vise fram den nye hatten sin. Eg og Kamilla fann ut at vi skulle sjekke ut dette fenomenet.


Den av oss som hadde greie på hestar, satsa eit par dollar men vann ikkje så mykje sjølv om den rette hesten vann. Den andre av oss fann ut at jammen er det lett å bli spelegal i dette landet, og levde opp til rykte som daughter of a government controlled gambling-employed.

Hest er tydeligvis big business i dette landet. Ein anna ting som slo meg var at dei vaksne mannfolka som sit oppå desse hestane sikkert ikkje veg meir enn 50 kg og ser ut som dei går i 4. klasse.

Lørdagsutflukta gjekk vidare til den svenske sjømannskyrkja, med draumar og von om Toro, Freia og leverpostei. Skuffelsen var middels. Ein måtte fint ta til takke med lakrislinse, ballerinakjeks og svenske bilar.


Men det beste av alt var brød med korv. Guu ko det smakte godt itte gammalt. Stemninga var god og eg fekk assosiasjonar til basar på bedehuset. Vi bladde gjennom ei svensk avis, eit par svenske ungar køyrte rundt i leikevolvoar og dei litt eldre drakk kaffi og åt tårta. Vi lova å komme tilbake på 17. mai og kryssa fingane for freia-leveransar dei to neste vekene. Det gjorde godt med litt svenskehandel.


fredag 1. mai 2009

Kom Mai du skjønne milde

Nei ikkje egentlig. Etter ein samtale med min far i går kom vi fram til at det egentlig er november her nede. Og det merkast. Kulde og regn, ganske likt Bergen i november. Men av og til stikk sola fram, slik som idag:) Og av og til blir det solnedgang. Men uten sola er det ganske kaldt. Ja, det er somme tider 5 grader, og ja, eg veit at det er varmare heime. Men november er og blir november, og desverre ikkje mai.




Dette bilde er frå Albert Park som er ein veldig stor park med eit stort vatn. Det er forresten her dei arrangerar Formel 1. Og det er her Silje av og til joggar (eller går).

Her om dagen feira Australia ANZAC-day. Det er ein nasjonal fridag der dei minnast alle som har kjempa for landet i krig. Då spesielt 1. og 2. verdenskrig, men også seinare krigar. Dagen begynner med ein Dawn sermoni klokka fem om morgonen. Denne er veldig høgtideleg og foregår ved Shrine of Rememberance, som dei har bygt til minne om australiarar i krig. I år var det 40 000 som deltok. Etterpå er det parade i gatene. Og eg fekk følelsen av ekte 17. mai stemning. Dagen blir sjølvsagt avslutta med ein fotball kamp (det er ikkje sånn fotball som vi har, men australsk fotball, som er noko heilt for seg sjølv).
ANZAC-day blir av mange sett på som ein viktigare dag enn nasjonaldagen (som er i januar og feirar at engelskmennene kom og planta flagget sitt). Mange fleire deltek på ANZAC. Bokstavane står forresten for "Australian and New Zealand Army Corps". Grunnen til at eg latar som eg veit mykje om ANZAC-day, er at vi har snakka mykje om det både i historie og australia faget mitt. Eg vel difor å bringe kunnskapen om australsk kultur vidare ut i verda.
Og når vi er inne på temaet: Statsministeren i Australia heiter Kevin Rudd. Ein dag hadde eg besøk av ei jente frå PR klassen min. Ho såg eit bilde på veggen min og lurte på kven det var: "He looks exactly like our prime minister..."
Avgjer sjølv kva du tykkjer!