lørdag 16. mai 2009

Fairytale


For første gong i heile mitt liv (kanskje bortsett frå mitt første leveår, då eg tvilar sterkt på at eg fekk med meg showet i Grieghallen frå vogga) fekk eg i år ikkje sett den O store Eurovisjon Finalen. Internettet mitt er ganske treigt og hakkette så eg fann etter ei lang vurdering ut at det var lite vits å stå opp kl 5 for å prøve å sjå det.

Å jammen trur du ikkje, akkuratt dette året, jo då skulle Norge gå av med seieren. Og eg gjekk glipp av heile greia, fordi eg sov.

Ei viktig fellesoppleving i nasjonen sitt liv gjekk tapt, og eg føler det her er på sin plass å sitere frå semesteroppgåva mi som eg skreiv i fjord:

"Den nasjonale samhøyrsla oppstår som ein aning om at vi ser og lyttar saman med dei andre. Som om vi var på same stad og tok del i same situasjon. Fjernsynet gjev oss også ei kollektiv stadfesting på at vi er ein del av samfunnet. I dette ligg eit motiv for å følgje med, sjølv på program ein ikkje eigentleg er interessert i. Ved å sjå på desse programma har ein inntrykk av å halde kontakten med sine landsmenn (Johansen 2001:378-379)".

Eg føler meg i dag utanfor det nasjonale fellesskapet. Og sjølv om eg kan sjå reprisen, blir det aldri det same.

Autralia er som kjent ikkje i Europa og tar det heile med stor ro. For nokon dagar sidan beskreiv ei australsk avis det slik: "Swine flu has given way to an annual fever sweeping Europe- the Eurovision Song Contest".

Jaja GRATULERER då Rybak. Neste år er både eg og heile Eurivisjonen i Norge, og då skal INGENTING få stoppe meg.

1 kommentar:

  1. Heisann!Eg er lei meg for deg for at du ikkje fekk sjå MGP,mn jaja..da går fint!Når det er sagt må eg også legge til at eg sakna deg MYKJE på 17.mai på VIKSDALEN!-you know heimbygda vår, det er noko heilt spesielt,saknar og har deg og kommentere med..Eg vil skrive meir og oppdatere dg,mn d trur eg kjem på mail!Stor klems Gunnis

    SvarSlett