Den av oss som hadde greie på hestar, satsa eit par dollar men vann ikkje så mykje sjølv om den rette hesten vann. Den andre av oss fann ut at jammen er det lett å bli spelegal i dette landet, og levde opp til rykte som daughter of a government controlled gambling-employed.
Hest er tydeligvis big business i dette landet. Ein anna ting som slo meg var at dei vaksne mannfolka som sit oppå desse hestane sikkert ikkje veg meir enn 50 kg og ser ut som dei går i 4. klasse.
Lørdagsutflukta gjekk vidare til den svenske sjømannskyrkja, med draumar og von om Toro, Freia og leverpostei. Skuffelsen var middels. Ein måtte fint ta til takke med lakrislinse, ballerinakjeks og svenske bilar.
Men det beste av alt var brød med korv. Guu ko det smakte godt itte gammalt. Stemninga var god og eg fekk assosiasjonar til basar på bedehuset. Vi bladde gjennom ei svensk avis, eit par svenske ungar køyrte rundt i leikevolvoar og dei litt eldre drakk kaffi og åt tårta. Vi lova å komme tilbake på 17. mai og kryssa fingane for freia-leveransar dei to neste vekene. Det gjorde godt med litt svenskehandel.
Heisann!Har jo blitt litt korte mailar, så eg ser meg nøydd til å kommentere litt direkte på bloggen...Først, november er ikkje å forakte, kan vere ganske koseleg, -OG, du kan berre ete kake å snop for å feire ein viss bursdag :) Eg las gjennom bloggen din, har vore litt treg i d siste, og såg at du hadde fått inn litt butikkar det er bra!:)Var på lang-ope hin dagen,mn fekk ikkje kjøpt meir enn 1plakat til 39,50...Ellers høyrest dette bra ut,eg likar jo veldig godt Sverige og svenske ting,så eg støttar dykk 100%i å gå i svensk-kyrkja!:)Sijalaavv!
SvarSlett