mandag 30. mars 2009

The Phantom of the Opera

I helga var eg i Sidney. Ein fantastisk by som ikkje er Australia sin hovudstad, men likevel den største. Det finaste og mest i augefallande med byen er sjølvsagt operahuset og Sidney Harbour Bridge.



Operahuset er tegna av ein dansk arkitekt. Han blei inspirert då han leikte med appelsiner. Kanskje var han på påskeferie i Norge (dette er sjølvsagt rein spekulasjon, det er lite sannsynleg i og med at danskar ikkje går så ofte på ski)?


Eg måtte sjølvsagt ta meg ein tur på do i dette operahuset også. Det var det einaste som var gratis! Eg kan med stoltheit konstantere at doen på den Norske opera er finare. Men det skulle no berre mangle i grunn. God bruk av skattepengar Norge (dette er ikkje ironi for dei som måtte tru det).


Konkurranse: Men kven har det finaste operahuset sånn egentlig?






Som dei fleste andre byar er det mykje å sjå også i Sidney. Fantastiske hagar, parkar, bygningar, strender og alt det andre som høyrer ein storby til. På søndagen trur eg at eg trakka rundt i det meste av byen, var ganske gåen i beina etterpå.


Det er ein kontinuerleg diskusjon om kva by som er den finaste, Melbourne eller Sidney. Sidney er mykje større og storbyaktig enn det Melbourne er. Klimaet er også mykje betre og varmare. Men dei er begge vakre byar på kvar sine måtar (sjølv om Melbourne sjølvsagt er den beste byen!)


Fredag var vi på walking tour med australia klassen. Dette var primær grunnen til at vi var der, men egentlig var det berre ein unskyldning for å få seg ein tur. Vi lærte blant anna om kor dei første engelske flåtane kom inn og korleis dei bygde opp byen. Proffessoren vår er det ein kan kalle one of a kind. Med andre ord ei artig skrue. Her klappar han ein katt vi møtte på vegen.



På lørdag tok eg og Angela toget til Blue Mountains. Der såg vi blant anna The three sisters, som også er på UNESCO si verdsarliste. Det er som du ser tre søstre laga av fjell.


Personleg syns eg ikkje at desse fjella var så blå, og for å vere ærleg var det mest skog. Det skulle vere noke flotte fossar der også. Når eg såg denne fossen kunne eg ikkje lavere å le litt (eg prøvde å gjere det diskret). Agenla (som eg reiste med) syns det var heilt fantastisk og sjå denne hammaren som det såvidt rann litt vatn nedover.


Men for all del, la meg ikkje vere negativ.


Det blei også tid til litt butikkvandring. Åh som eg gjerne kunne ynskje at eg kune kjøpe med meg dette serviset heim. Men det blei berre med bilde desverre.




På mandag var det tilbake til kvardagen. Men alle var einige om at det hadde vore ein fin tur..







mandag 23. mars 2009

Surfer girl

Dette er bilde alle har venta på! Eg heiter Silje, eg bur i Australia og ja eg har surfa! I helga var eg på surf camp saman med andre utvekslingsstudentar frå Monash. Det gjekk ut på at vi køyrte til ei øy ca 2 timar utanfor byen, der vi skulle lære å surfe. Det var ganske vanskelig å stå på brettet men ikkje så vanskelig som eg hadde trudd det skulle bli. Klarte i allefall å stå oppreist eit par gongar. Men i lengda var det ganske slitsomt å drive å klatre opp og ned på brettet om og om igjen. Hadde nok komme godt med om ein hadde hatt litt kondis! Hovudproblemet var stort sett likevel at det var alt for mange folk i vatnet samtidig, og vi krasja med kvarandre heile tida. På søndagen var bølgjene kjempesvære og skumle. Når ein i tillegg hadde megasalt vatn i nasa, augene og halsen var det litt kjedeleg. Men misforstå meg rett, eg syns det var kjempekjekt og vil absolutt gjere det igjen.



Eg fekk også med meg pingvin paraden på Phillip Island. På lørdagskvelden samla folkemegda seg på stranda, og nøyaktig kl fem over åtte (eller var det sju) kom dei søte små pingvinane opp frå bølgene, som ut av ingenting. Pingvinane er på størrelse med småfuglar, kanskje litt større. Etter å ha brukt ganske lang tid på å komme seg ut av dei store bølgene og opp mot stranda, forsvann dei vidare opp i buskene der vi kunne sjå dei seinare. Eg syns dei var så søte at eg ville gøyme ein i veska og ta med meg heim. Eg foreslo for mine romkameratar at han eller ho kunne bu i dusjen.


Fekk desverre ikkje noke godt bilde av dei søte små, for det var ganske mørkt og egentlig ikkje lov å ta bilde. Men dette skiltet var ganske artig.






På søndagen var det på tide å sjekke ut ein av mine andre favorittdyr, nemleg koalaen. I ein liten skog tillaga for skuelystne, kunne ein sjå desse i deira naturlege omgjevnader (!). Visste du at (prikk, prikk, prikk) Koalaen søv 21 timar i døgnet, og et i dei 3 resterande. Det er det eg vil kalle waste of time. Dei lever også aleine heile livet sitt, bortsett frå når dei må komme saman for å gjere det dei må.



Det var grett å komme seg litt ut av byen og faktisk kunne sjå litt av det "verkelege" Australia. Utanfor der vi budde hoppa wallabyar (ja Hallvard eg har lært meg forskjellen) inn og ut av skogen rett som det var.



Eg høyrte rykte om noken slagar også, men såg dei heldigvis ikkje. På vegen såg vi også ein del kyr. Dette var sjølvsagt ei stor glede for meg. Som tilleggsinformasjon vil eg sei at været var ganske bra i helga.


Eg vil avslutte med dette bilde av meg og min ven koalabjørnen (om du ser godt etter er han oppe i venstre hjørne). Som tilleggsinformasjon vil eg oplyse om at dersom nokon har eit par Freia påskeegg til overs, må dei gjerne sende desse til meg via post.

fredag 20. mars 2009

La vie en rose

Kvardagen har innhenta meg. Det har gått opp for meg at eg ikkje berre er på ferie, men at eg faktisk har nokon studiepoeng å produsere. Endeleg, tenkjer kanskje du der du sit og ventar på at graset skal bli grønt. Haha seier eg tilbake, det er jammen berre tre veker att til påskeferien, og då skal eg oppover til Queensland og der er det jo sommar heile året. Før den tid har eg 460 assessment som skal gjerast, og det er litt skummelt at alt er på engelsk (sjølvsagt), men det går jo som regel bra til slutt.


Sidan sist har eg klart å få med meg eit jordskjelv og det er eg ganske stolt av. Eg sat på rommet mitt og plutselig rista glaskarmen litt i eit par sekundar. Det var stort! Ellers gledar det meg at Frustrerte fruer i Austalia akkurat har tatt igjen Norge, så eg har ikkje gått glipp av ein einaste episode. Det som irriterar meg er at det er reklame kvar femte minutt (dette er ikkje ei overdriving, andre ting kan kanskje vere det), og at Lotto-tala plutselig kjem opp på skjermen midt i programmet. Nord-Amerikanarane (som eg no likar å kalle dei) har sjølvsagt ikkje problem med dette i det heile, og forstår ikkje min frustrasjon.

Min venn Ana frå Mexico spurte meg her ein dag om vi brukar t-skjorter i Norge. Er det ikkje litt for kaldt? Så der fekk dokke den! På den andre sida var eg og den same Ana ute å gjekk då vi høyrte eit skot ikkje så langt unna. Lettskremt som eg er vart eg jo litt redd, men Ana sa at det heilt sikkert ikkje var noko farleg. Eg sa jo sjølvsagt då at "du som er frå Mexico er vel vant til slikt", og det var hennar tur til å le.

Her om dagen var eg på Melbourne Museum med historie-klassen min. Der såg vi både ei utstilling om historia til Melbourne, og ei utstilling om "The Aboriginals" (eller indigenous Austrailians som eg har lært at det heiter). I dag var eg faktisk også på ein Aboriginal heritage walking tour, der vi lærte litt om aboriginalkulturen. I tillegg har eg feira St. Patrick's day. Alle hadde kledd seg i grønt og syns det var stas, men ingen kunne heilt forklare kvifor.



Quiz: Kva har denne bygninga til felles med Bryggen i Bergen og den kinesiske mur, for ikkje og gløyme Nærøyfjorden?

To av dei eg bur med studerar industriell design (eller noko i den duren), og dei var jammen oppe i heile natt og teikna bilar for ei innlevering. Det syns jo eg er heilt spesielt, men nokon må jo gjere den jobben og!
Dei siste dagane har eg vore i nokon kjempefine parkar, og i ein av dei lukta det nyslått gras. Det er som kjent mi favorittlukt på jord, og fekk meg til å lengte litt heim. For å rettferdiggjere overskrifta vil eg ta med dette bilete.


Gratulere til pappa som har vore på fjernsyn igjen. Det gjekk så vidt an å sjå med mitt treige Internett. Gratulere også til Christian som snart har bursdag, og til Ivar og Kjersti som har fått ei jente. Kjekt er det også at statsministeren tok seg tid til å vitje Gaular.


søndag 15. mars 2009

Cry me a river

Idag var eg på ein god gammaldags søndagstur langs elva. Eg likar jo godt og gå tur, og sjølv om det regna litt var det ganske kjekt likevel. Jammen fekk eg ikkje tatt nokon bilder og!





Seinare traff eg Kamilla. Etter ein tur på Starbucks (sjølvsagt) bestemte vi oss for å ta ein tur innom den store kyrkja midt i byen, "St. Paul's cathedral". Der var det jammen gudsteneste og eit kor med fabelaktige gutte-sopranar (det er jo alltid like vakkert). Akustikken var heilt fantastisk.



Kjære pappa: Dette er casinoet "The Crown". Det er ganske stort, og gutane som bur nedanfor oss har allereie vore innom eit par gongar. Kanskje tek eg også turen ein dag...
Kjære mamma: Dette er ein kjempestor park midt i byen som er delt inn i mange ulike hagar. Sjølv om det er haust er det framleis mange vakre blomster og sjå.






lørdag 14. mars 2009

Changing of the Seasons

Sola skein, tempraturen var høg og eg var godt nøgd med at sommaren nok ein gong smilte over Melbourne. Ikkje minst gleda eg meg til turen denne helga, der eg skulle svømme med delfinane. Men som han sa mannen: -Å vere for positiv er neimen ikkje lurt. Stormane trua utanfor og dei dårlige værutsiktene førte til at turen til delfinane vart avlyst. I dag vakna eg opp til toreskrall, regn og sterk vind. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko sa mannen (igjen snakkar denne mannen). Jammen fekk eg ikkje lest litt pensum i staden. Det var faktisk litt koseleg å sitte inne og høyre regnet plaske utanfor. Håpar at eg får tatt igjen svømminga med delfinane seinare (og neida mamma, det er ikkje hai der (trur eg)).

I går kveld var eg på samling med ANSA Melbourne. Der traff eg mange andre nordmenn som også studerar her. Eg fekk nyss om at det var to andre Sunfjordingar i flokken, og sjølv om eg ikkje kjente desse frå før av kan du tru gjennsynsgleda var stor når eg møtte dei! Spesielt herleg var det å endeleg snakke med noken med den rette dialekta igjen! "Kor er du frå?"-spørsmålet hadde plutselig også endra svar frå "Norway" via "Hehe.. eh nord for Bergen.. litt utanfor Førde.. viss du har høyrt om Førde", og til "Viksdalen". Små gleder i kvardagen!

Kjære Gunnlaug: Eg har fått gjort litt shopping av klede også. No er det jo sommarsal (eller augustsal om du vil) også!

torsdag 12. mars 2009

Til stormen bøye av

Så kom finanskrisa til Australia, og dette er sjølvsagt ei stor sak på nyheitene. Alt er jo litt seinare her nede virkar det som. Det tar liksom litt lenger tid med alt. Internett til dømes. Eller om du skal ha studentrabatt på toget. Det er ikkje berre å vise studentkortet ditt. Først må stå i kø i ein time for å få eit skjema med ei underskrift som seier at du er student (og sjølvsagt vise studentkortet ditt), så må du gå til togstasjonen og levere inn dette skjema (når du har fylt det ut). Då får du eit nytt studentkort som du må bruke når du skal kjøpe billett. Men "Jakten på kjærligheten" har dei no iallefall fått til å lage her nede og (eit nederalsk programkonsept for dei som måtte lure på det). Programmet har den freshe tittelen "Farmer want's a wife".

Her om dagen var det visst nok eit jordskjelv også. Eg syns personlig det var litt surt at eg ikkje fekk det med meg. Når eg først var her liksom. Men det var visst nok eit veldig lite eit då! Den australske statsministeren har i tillegg banna på nasjonalt direktesent fjernsyn. Det blir diskutert om dette var med vilje eller ikkje. I Queensland er det storm, orkan og slikt. Det er visst ganske ille. Men her regnar det berre litt av og til, så er det sol igjen. Godt gammaldags vestlands-sommar-vær med andre ord, berre at tempraturen er mykje høgare (beklagar at eg skriv så mykje om været, men enkelte har ein tendens til å lure på dette). Sjølv om det regnar må vi framleis spare på vatnet. Ein får i grunn ikkje lov til å dusje meir enn 3 minuttar daglig. Dette finn eg veldig vanskelig å gjennomføre.

Ellers kan eg jo nevne at eg var på ein utestad som spelte "Beggin" for litt sidan. Då fekk eg nesten litt heimlengt. Dei andre trudde ikkje på meg når eg sa at denne gruppa var norsk. Også då eg drog fram at A-Ha var frå Norge hadde dei vanskeleg for å tru meg. På den andre sida spurte Kamilla (som kjent er frå Bergen) meg om Munch var norsk!

lørdag 7. mars 2009

Music for the Royal Fireworks


Vatn er noko ein sparar på her i dette landet. For meg er jo dette litt uvant, i å med at tilgangen som oftast er ubegrensa der eg kjem frå. Her kan det kan faktisk bli tomt. For å feire vatnet har ein her i Melbourne ein eigen waterfestival. Det heile føregår rundt elva Yarra, med tivoli, konsertar, festival og ikkje minst spektakulere show på vannski. I går fekk vi blant anna sjå menneskepyramider, saltoar og hopp, alle med ski på.

Då det vart mørkt var det klart for fyrverkeri. Og la meg sei; du og du for eit show. Det varte nesten i 20 minuttar. Nokon av fyreverkeria var forma som brusande vatn over himmelen. Heile byen hadde sjølvsagt tatt turen for å få med seg hendinga, og det var god stemning spesielt hjå dei minste som fekk vere oppe lenge denne kvelden.

Ellers har eg gått til innkjøp av ein paraply, og så smått begynt å lese litt pensumlitteratur!

onsdag 4. mars 2009

Værvarslinga for Vestlandet

Tusen takk for alle helsingar i ulike former på bursdagen min. Det er kjekt å høyre frå dokke der heime, så fortsett gjerne å send meg oppdateringar om kva de driv med. Gjerne på mail. Eg beklagar nesten å måtte sei dette, men eg trudde faktisk eg skulle lengte heim meir enn eg har gjort til no. Likevel veit eg innerst inne at når det livnar i lundar, lauvast i li og sauene og gylla ligg på bøen, kjem lengten til å komme over meg. Det er heldigvis ei stund til!


I går vakna eg av at deg regna ute. Dei som trudde at eg var i eit paradis med sol, sommar og 30 + kvar dag har nok tatt feil. Melbourne er visst nok den byen der det regnar mest i heile Australia. Men når eg tenker på forholda i min heimby (for den er jo tross alt nesten det) er eg framleis ved godt mot! Asiatarane klagar over kulda (19 grader) og candadiarane syns det er frykteleg med regn. Dei fleste infødde er likevel glade for regnet for det betyr at ein har kontroll på brannane som har pågått i lang tid, og at desse ikkje vil blusse opp igjen. For nokre dagar sidan vart det nemleg sendt ut ekstremvær-varsel i heile staten. Det var sterk vind, og ein var redde for at dette kunne få fatale følgjer. Men det har heldigvis gått bra til no.


Denne veka har vore mi første skuleveke. Eg likar godt faga eg har valt, så trur det blir bra. Eksamensordningane er ikkje som heime med ein stor eksamen til slutt som tel heile karakteren. Her har vi ulike testar, innleveringar og presentasjonar som tel litt kvar gjennom heile året. Satsar likevel på at det skal gå greit sjølv om det blir litt mykje med 4 slike fag samtidig.





Kjære Eirin: Dette er ikkje for å gjere deg sjalu (jamfr. Starbucks), men for å vise korleis namnet mitt plutseleg har stavemåte i dette landet (har forresten litt vanskeleg for å stave det sjølv, kunne dei ikkje prøvd å lage litt ulike lydar for a og e, eller j og g?)


Kjære pappa: Tenk at du akkuratt no berre er på den andre sida av fjorden (Hong Kong)!

søndag 1. mars 2009

Når man blir 66

Den store frykta var å måtte sitte åleine på bursdagen sin og trøsteete kake. Slik som i den "du tok feil av hvilken dag" sangen. Det var heldigvis ikkje slik det skulle gå! Dei eg bur med hadde pynta med ballongar på døra mi og laga kort.



Eg ville jo gjerne lage ei kake eller to slik eg alltid gjer. Den store utfordringa var å finne alle dei riktige ingrediensane i australsk utgåve. Eg trur eg gjekk rundt i butikken i ein time. Etter å ha spurt ei tilfeldig dame om hjelp til å finne bakekakaoen, og gambla på kva som var melis, var det klart for kake. Det er nok ikkje blant mine beste prestasjonar, men gjestene mine syns det var storarta og det er jo det viktigaste!

Bursdagen blei sjølvsagt litt utvida, i og med at eg feira kvelden før, og i og med at tidsforskjellen gjer at eg har bursdag lenger i Norge (på ein måte). For å oppsummere kan ein difor seie at eg i år har bursdag to dagar på rad!

I dag var første skuledag, eller ein time forelesning om du vil. Det var i grunn veldig kjekt, så eg håpar alle faga blir slik. Eg vart sjølvsagt på denne dag også glad for å få post frå mine kjære heime:


For å ikkje snakke om kortet frå mine sjarmerande brødre, det er allereie på veggen!

I kveld skal eg ut å ete med Kamilla (jmfr bursdag to dagar på rad). Eg føler i grunn at eg begynner å dra på åra no. 23 er liksom ikkje det same som 22. Men eg går ut i det nye året med godt mot og tenker at det er jo heile 2 år til eg er halvegs til 50.