mandag 30. mars 2009

The Phantom of the Opera

I helga var eg i Sidney. Ein fantastisk by som ikkje er Australia sin hovudstad, men likevel den største. Det finaste og mest i augefallande med byen er sjølvsagt operahuset og Sidney Harbour Bridge.



Operahuset er tegna av ein dansk arkitekt. Han blei inspirert då han leikte med appelsiner. Kanskje var han på påskeferie i Norge (dette er sjølvsagt rein spekulasjon, det er lite sannsynleg i og med at danskar ikkje går så ofte på ski)?


Eg måtte sjølvsagt ta meg ein tur på do i dette operahuset også. Det var det einaste som var gratis! Eg kan med stoltheit konstantere at doen på den Norske opera er finare. Men det skulle no berre mangle i grunn. God bruk av skattepengar Norge (dette er ikkje ironi for dei som måtte tru det).


Konkurranse: Men kven har det finaste operahuset sånn egentlig?






Som dei fleste andre byar er det mykje å sjå også i Sidney. Fantastiske hagar, parkar, bygningar, strender og alt det andre som høyrer ein storby til. På søndagen trur eg at eg trakka rundt i det meste av byen, var ganske gåen i beina etterpå.


Det er ein kontinuerleg diskusjon om kva by som er den finaste, Melbourne eller Sidney. Sidney er mykje større og storbyaktig enn det Melbourne er. Klimaet er også mykje betre og varmare. Men dei er begge vakre byar på kvar sine måtar (sjølv om Melbourne sjølvsagt er den beste byen!)


Fredag var vi på walking tour med australia klassen. Dette var primær grunnen til at vi var der, men egentlig var det berre ein unskyldning for å få seg ein tur. Vi lærte blant anna om kor dei første engelske flåtane kom inn og korleis dei bygde opp byen. Proffessoren vår er det ein kan kalle one of a kind. Med andre ord ei artig skrue. Her klappar han ein katt vi møtte på vegen.



På lørdag tok eg og Angela toget til Blue Mountains. Der såg vi blant anna The three sisters, som også er på UNESCO si verdsarliste. Det er som du ser tre søstre laga av fjell.


Personleg syns eg ikkje at desse fjella var så blå, og for å vere ærleg var det mest skog. Det skulle vere noke flotte fossar der også. Når eg såg denne fossen kunne eg ikkje lavere å le litt (eg prøvde å gjere det diskret). Agenla (som eg reiste med) syns det var heilt fantastisk og sjå denne hammaren som det såvidt rann litt vatn nedover.


Men for all del, la meg ikkje vere negativ.


Det blei også tid til litt butikkvandring. Åh som eg gjerne kunne ynskje at eg kune kjøpe med meg dette serviset heim. Men det blei berre med bilde desverre.




På mandag var det tilbake til kvardagen. Men alle var einige om at det hadde vore ein fin tur..







2 kommentarer:

  1. Det serviset skriker kun en ting: SILJE MARIE HATLESTAD!

    Jeg synes at vår opera er finere. Ikke det at jeg har sett den i Sydney live da, men litt patriot må man jo være!

    SvarSlett
  2. Heisann! Ditta servicet var litt deg ja...trur eg minnast at du har ein sånn kopp og fat i svart og kvitt som du har fått av vår felles fadderfamilie, eg fikk et i svart og kvitt og men litt anna..så ja, d passa til deg! Så, tradisjonelt sett er jo eg og du royalist-venner, sjølv om i alle fall MIN er litt utvatna gjennom årenes løp, men lat oss halde oss til tradisjonar, og då må eg berre minne deg på at Dronning Margrethe går no på ski !!! (?) Når det gjeld opera har eg lite å tilføye, når det gjeld shopping har eg mykje, men d kan vi no gjeren ta på privat basis. Saknar deg her i påska, er komt heim til "fader/moder"-bygda som vi jo pleier å kan kalle det, på "påskeferie" skal ha heimekontor imårra å tirs, så du skulle gjerne ha vore her å vi kunne gått tur, å møttes på Slåtene på skirenn osv. og så bortetter (ja, ikkje bortetter på ski altså) men kos deg med essay's og spray-snø, eg har 3-4 bøker, og freia-egg ;) Stor klems

    SvarSlett