onsdag 1. april 2009

Lillebrors Vise


Kjære Sverre: GRATULERE så mykje med dagen. Denne bilen har eg kjøpt til deg som bursdagspresang. Den vil komme i posten.

Hugs å betal skatt, gå til tannlegen og ikkje bryt lova. Då vil det gå deg godt å du får leve lenge i landet.

Kjære mamma og pappa: Då var alle ungane blitt voksne. Jobben er gjort. Gratulere. Det er ikkje så mykje meir å gjere enn å sette seg ned å beundre resultatet.



Eg brukar bursdagen som ein unskyldning til å ete skjokoladekjeks mens eg prøver å få gjort litt skulearbeid (noko som er ganske vanskelig å få gjort med tanke på at eg var på stranda i dag).

PS: Tenker også på om det fins påskekengeruar her i Australia i staden for påskeharar. Eg vurderar i tillegg å få med meg Roald Øyen på nett-tv medan eg sprayar litt kunstig snø på vindauget og skrellar meg ei appelsin. Skia kan dokke ha for dokke sjølv. Lykke til med førebuingane.

Tut tut sier pappas bil, den kan kjøre mange mil. Den har fire gummihjul og den er hmhm... rød.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar