onsdag 22. april 2009

City of blinding lights

Ein enkel dag var sett av til Brisbane. Og Ingebjørg visste oss rundt som den ekte turguiden ho er. Sjølvsagt etter ein god frukost på terrasen med kaffi frå presskanna.




Dei fleste seier at det ikkje er så mykje å sjå i Brisbane. Det kan eg forsåvidt vere einig i, men eg syns det er ein veldig sjarmerande by likevel. Likte spesielt godt stranda og badebassenget dei har laga midt i byen.



Byen ligg nemleg ikkje med kysten, den har (som andre byar, sjå ovanfor) ei elv som renn gjennom. På denne elva tar Ingebjørg båten kvar dag når ho skal til universitetet (var ikkje det ein fantastisk setning).


Dette er universitetet til Ingebjørg (kom på at eg ikkje har lagt ut noko bilde av mitt, jaja). I parken utanfor fins det mange rare dyr. Skilpadder, fuglar, øgler og andre skumle ting.

Etter at eg hadde masa meg til å sjå eit par ekstra bygningar var dei andre trøtte og ville heim. Men det vart heldigvis tid til å gå innom eit par butikkar også. Ingebjørg fekk kjøpt seg nye flip-flops. Ho la sjølvsagt dei ho hadde igjen på øya. Dette er ein liten tradisjon ho har.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar