Vi endte opp med å tilbringe dagen på Hungry Jacks (som er det australske namnet på Burger King, dei kan jo ikkje ha det same!) der vi spelte kort med to franskmenn som delte same sjebne som oss. Det var egentlig ganske hyggelig. Eg trur folka som jobba der begynte å lure på om vi skulle slå oss ned for godt.
Endelig var det tid for å ta bussen vidare, ca 2 timar til Airlie Beach. Då var det allereie blitt mørkt så vi såg ikkje så mykje på vegen. Airlie Beach har høg backpacker-faktor og tilsvarande party nivå. Hostellet vi sov på var heller ikkje den beste inlosjeringsopplegget i skuffa, men det var no billig. Kamilla påsto at ho vakna med ein kakkelakk i panna midt på natta, eg prøvde og ignorere fakta. Er vi på backpacking, så er vi på backpaking.
Dagen etter besøkte vi Whitsunday Islands. Dei vakraste strendene i manns minne. Vi snorkla også på koralrevet. Det var kjekt. Stilig å sjå på fiskane som svømte ilag med deg. På vei ut måtte vi gjennom "tørketrommelen" som dei kalte det. La meg sei det i stikkordsform: Først lunsj, så svært høge bølgjer, ubehag og kvalme, resultat: oppkast frå undertegna. Til mitt forsvar vil eg seie at det også var eit japansk par som opplevde det same. Men det hjelper vel ikkje. Kamilla mobbar meg fortsatt.
Vi møtte også eit par freshe damer frå Canda. To døtre med mora på tur. Ho var minst 70 år, men ikkje redd for å snorkle! I tillegg til eit par gutta frå 'outbacken' (veit ikkje om dei egentlig var derifrå men eg likte å tru det) med den sterkaste australske aksenten på språkbarrometeret. Ikkje nok med det. I løpet av ein setning hadde dei mist putta inn to "mate" og fire "ai". Trur dei snakkar litt finare her nede i Melbourne ja.
Etter to dagar i Airlie var det tid for å trekke vidare sørover. I mangel på tid tok vi fly. Flyplassen var veldig sjarmerande. Den hadde ca eit rom og ein kafe meir enn Bringeland, doen var også litt større.
Den sjarmerande flyplassen med venterom ute. Kamilla viser i same slengen fram bikini-skilje sitt.
Fun fact eg tilnærma meg frå australiar i Thailand: Då Burger King kom til Australia vart dei saksøkt av ein sint lokal fyr som hadde ei burgersjappe kalla det same (men han var der først forstås) - så då vart det hungry jacks!
SvarSlett;)
(ellers ser det heilt fantastisk ut alt sammen! saknar australia kjenner eg og ikkje minst aussiane!!!)