Neste stopp på turen var surfes paradise. I følgje reiseboka er dette Australias svar på Miami. Ein ferieby med høge skyskraparar, fine butikkar og tilsvarande prisar. Denne gongen var vi svært heldige med hostellet vårt. Nok ein gong erobra vi stranda for ein fotoshot. Dette vart eit slags gjennomgangstema på turen. Det er vel unødvendig å seie kven som var fotograf og kven som var modell.
Gode shoppingmuligheiter gjorde sjølvsagt sitt utslag på lommeboka. Eg fann ein heilt fantastisk butikk som hadde alle slags vesker og anna reisematriell. Eg vil spesielt trekkje fram den prikkete kofferten med hjul på. Støvlane var også fantastiske. Eg kjøpte ingen av dei nemde tinga. Det fikk nøye seg med eit snikfoto av støvlane.
Hestejente som ho er (ja ho har hest heime i Bergen) ville Kamilla sjølvsagt ri. Og vi tok turen inn (frå kysten liksom) til ein farm for å få dette gjort. Eg er jo ikkje sånn kjempeerfaren med å ri men det var veldig kjekt. Syns eg klarte meg bra på eigen hest og greier. Kamilla fekk galopere på slutten så då var jo ho heilt i hundre. Hadde håpa vi skulle ri i regnskogen. Det var ganske vanlig skog, men til gjenngjeld regna det (dårlig vits).
Heile farmen var driven av japanarar, utanom ein aussie som var gift med ein av dei. Denne køyrte oss tilbake til sivilisasjonen i ein stor kassebil som likna litt på ein bil sentral i min oppvekst i Viksdalen på 90-talet.
Etter Surfers var det klart for å trekke mot Brisbane. Problemet var berre at Ingebjørg var på felttur uten batteri på mobilen, og nummeret til Tomas som eg hadde fått, var feil. Etter kvilelaus trasking i Brisbane fekk vi, takka vere facebook, tak i Tomas. Den indiske taxisjåføren fekk etter eit par nye telefonar til Tomas, plotta den riktige adressa inn på GPS-en sin, og vips var vi framme i leiligheita til Ingejørg og Tomas på West End (den lange historia er sjølvsagt langt mindre smertefri).
PS: Takk til Kamilla for lån av bilde. Publisert med løyve frå fotograf (takk til MCT for kunnskap angåande dette!).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar