Paa sondag sovna bestefar stille inn. For meg var dette sjolvsagt ein tung beskjed aa motta. Dei siste dagane har tenkt mykje paa dykk der heime. Skulle saa gjerne vore der saman med dykk akkuratt no. Eg er lei meg for at eg ikkje kan vere der for aa ta dei siste farvel.
Eg er likevel takknemlig for at eg fekk ha 3 av mine besteforeldre saa lenge og laere dei aa kjenne saa godt som eg gjorde. Mange gode studer og minner vil staa att etter dei.
No er eg paa tur med Kamilla i Queensland. Internettilgangen er litt sporadisk, men oppdateringar vil komme etter kvart.
O jul med din glede!
for 14 år siden
Kjære Silje: I dag onsdag 15 var det gravferd for bestefar. Strålande sol frå knallblå himmel sette ei fin råme rundt dagen. Det vart ein verdig avskil med langt liv. Over 95 år, det er lenge det. Han var fødd året før første verdenskrig starta! Tenk det! Torstein og pappa hadde minneord. Hallvard og Hildegunn snakka for bareborn og oldeborn, og Marianne las minneorda frå deg Silje Marie. Kjell Ivar spelte 'Våren'.
SvarSlettEtterpå var det minnestund i Bedehuset. Nesten 100 folk var der. Ein fin dag sa alle.
Vi veit at du var med oss i tankane Silje, og vi skal markere med vår eiga minnestund når du kjem heim att til sommaren.
Kos deg der du er no! Glad i deg!