tirsdag 21. april 2009

Føtter på fjell


Reisefølgje vart oppgradert til ein person meir, nemlig Ingebjørg. Været vart bra og det var klart for Fraser Island, verdas største sandøy. Vi var med på ein to dagars tur der dei køyrte oss rundt i store bilar med gode dekk, slik at vi fekk sjå alt som var verdt å sjå.



Det er milevis med strand rundt heile øya. I midten er det regnskog. Vi køyrte sjølvsagt med bil både i regnskogen og på stranda. Det var ganske stilig og ganske hompete. Meg og Ingebjørg sat framme å styrte musikken. Veit ikkje om sjåføren var sånn kjempebegeistra.



Vi bada i ferskvatn (noko som var veldig deilig itte gammalt), såg dingoar (blanding mellom hund og ulv som lever vilt på øya), mykje strand, det gamle skipsvraket frå krigen, røde sandfjell (red canyon) og sjølvsagt regnskog. Mobildekning var det dårlig med.


Akkuratt som å bade i Vindheimsvatnet dette!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar