Ikkje nok med at det er feil side av vegen, bilane køyrer også ganske fort på desse motorveiane. Men Kamilla bestod oppgåva med glans. På eit tidspunkt køyrte ein moped inn i baken på oss, men det var no hans eigen feil for han følte ikkje akkuratt med. Eg hørte kronene trille men det viste ikkje på bilen. Detalja, deltalja!
Byron er ein gammal hippy by med avslappa feriestemning. Det var også eit gammalt fyrtårn der, og ein kunne gå ut på australias østligaste fastlandspunkt. Likte veldig godt naturen for det var grønt og hadde litt tendensar til fjell.
Vi brukte stortsett tida til å jobbe med brunfargen. Fekk også spelt litt kort og smakt på utelivet. Hoppebilde vart det sjølvsagt også tid til.
Etter at bilen var levert og dei andre reist tilbake til Brisbane, reiste eg og Kamilla til hennar venn og hans australske kjæreste for å sove der den siste natta. Vi besøkte den lokale "pokie" plassen med flust av speleautomatar. Heile plassen hadde ein høg danskebåt faktor, gjennomsnittsalderen og musikken var deretter. Etter at eg hadde fortalt at my dad works for the part of the govnerment who controlls gambling, rånte vi rundt i surfers og sang høgt til Britney. Den lokale hadde guida tur inn i mellom. Det heile var framifrå artig.
Mandag morgon gjekk flyet heim (heim og heim) til Melbourne. Og jammen var det godt å komme tilbake etter 10 dagar på loffen. Litt kaldare, ikkje så mange skumle dyr og si eiga seng.
Arh, hvilket liv frøknen lever. Kan jeg komme å være en del av det?
SvarSlettNytt av Norge: Sola gir meg rød nese.
så rart at vi har vore AKKURAT på same plassen! Det var ved the lighthouse i Byron Bay eg blei forelska i Australia. Vart jo nesten religiøs, så fint var det!
SvarSlettJeg vil herved omdøpe det mest østlige punktet til det mest "påskete" punktet. Siden det var påske. Easter -easterly. Ja. Nettopp
SvarSlett