Eg fekk også med meg pingvin paraden på Phillip Island. På lørdagskvelden samla folkemegda seg på stranda, og nøyaktig kl fem over åtte (eller var det sju) kom dei søte små pingvinane opp frå bølgene, som ut av ingenting. Pingvinane er på størrelse med småfuglar, kanskje litt større. Etter å ha brukt ganske lang tid på å komme seg ut av dei store bølgene og opp mot stranda, forsvann dei vidare opp i buskene der vi kunne sjå dei seinare. Eg syns dei var så søte at eg ville gøyme ein i veska og ta med meg heim. Eg foreslo for mine romkameratar at han eller ho kunne bu i dusjen.
Fekk desverre ikkje noke godt bilde av dei søte små, for det var ganske mørkt og egentlig ikkje lov å ta bilde. Men dette skiltet var ganske artig.
På søndagen var det på tide å sjekke ut ein av mine andre favorittdyr, nemleg koalaen. I ein liten skog tillaga for skuelystne, kunne ein sjå desse i deira naturlege omgjevnader (!). Visste du at (prikk, prikk, prikk) Koalaen søv 21 timar i døgnet, og et i dei 3 resterande. Det er det eg vil kalle waste of time. Dei lever også aleine heile livet sitt, bortsett frå når dei må komme saman for å gjere det dei må.
Det var grett å komme seg litt ut av byen og faktisk kunne sjå litt av det "verkelege" Australia. Utanfor der vi budde hoppa wallabyar (ja Hallvard eg har lært meg forskjellen) inn og ut av skogen rett som det var.
Eg høyrte rykte om noken slagar også, men såg dei heldigvis ikkje. På vegen såg vi også ein del kyr. Dette var sjølvsagt ei stor glede for meg. Som tilleggsinformasjon vil eg sei at været var ganske bra i helga.
Eg vil avslutte med dette bilde av meg og min ven koalabjørnen (om du ser godt etter er han oppe i venstre hjørne). Som tilleggsinformasjon vil eg oplyse om at dersom nokon har eit par Freia påskeegg til overs, må dei gjerne sende desse til meg via post.
Check out Miss. Surfer Girl!!!! Nice!!!
SvarSlettKanskje du kan kjøpe deg et surfebrett og så kan du surfe heime på Viksdalsvatnet i sommer? Ho ho ho!
Min bror Sverre delar også ditt synspunkt. Kanskje det kan la seg gjere om vi får låne bølgemaskina til han Per på Gol!
SvarSlett