Eg ville jo gjerne lage ei kake eller to slik eg alltid gjer. Den store utfordringa var å finne alle dei riktige ingrediensane i australsk utgåve. Eg trur eg gjekk rundt i butikken i ein time. Etter å ha spurt ei tilfeldig dame om hjelp til å finne bakekakaoen, og gambla på kva som var melis, var det klart for kake. Det er nok ikkje blant mine beste prestasjonar, men gjestene mine syns det var storarta og det er jo det viktigaste!
Bursdagen blei sjølvsagt litt utvida, i og med at eg feira kvelden før, og i og med at tidsforskjellen gjer at eg har bursdag lenger i Norge (på ein måte). For å oppsummere kan ein difor seie at eg i år har bursdag to dagar på rad!
I dag var første skuledag, eller ein time forelesning om du vil. Det var i grunn veldig kjekt, så eg håpar alle faga blir slik. Eg vart sjølvsagt på denne dag også glad for å få post frå mine kjære heime:
For å ikkje snakke om kortet frå mine sjarmerande brødre, det er allereie på veggen!
I kveld skal eg ut å ete med Kamilla (jmfr bursdag to dagar på rad). Eg føler i grunn at eg begynner å dra på åra no. 23 er liksom ikkje det same som 22. Men eg går ut i det nye året med godt mot og tenker at det er jo heile 2 år til eg er halvegs til 50.
Fikk du Firda i gave? Sjarmis!!
SvarSlettJeg merker jo seff nå at jeg burde ha sendt det et bursdagskort. Kanskje du får det på etterskudd!
Hipp hurra for deg!
Aldri for seint nei:)
SvarSlettHipp hipp hipp! Deilig å se at dagen var god. Nå fikk jeg skikkelig lyst på bamsemums;-)
SvarSlettHei!
SvarSlettMå gratulere mykje med dagen. Kjekt å lese at du har da bra.. Fins nok dei(kanskje;) som misunner deg dine temperaturar. Men går jo mot vår og påske og bittelitt betre temperaturar etterkvart her og. Kos deg og ver flink. Helsar mykje frå GE. KLemz
Gratulere med laang gebursdag. Har nett vore inne og lese bloggen din. Artig. Håpar du får ei fin studietid. Høyrde i dag på radio at trivsel er viktig for studieresultatet. Artig at du heldt på å bli medlem i klubben med likestilling mellom Gud, Allah ....Halve den norske regjeringa er med i den klubben jmfr den norske hijab debatten. Lykke til. Skal helse frå dei andre med Groa.
SvarSlett