lørdag 27. juni 2009

Walking on Sunshine

Ferden gjekk vidare til Sydney og god været smilte til oss. Ja eg har vore der før men hadde ikkje noke i mot og reise ein gong til. Dei vanlege sight-seeing tinga vart gjort igjen. Og vi var på klassisk konsert i operahuset. Viviann, du ville vore stolt av oss!

Akvariet og dyrehagen fekk også eit besøk. For første gang såg eg ein kengeru med ein liten joey i lommen.



Shopping var i grunn eit gjennomgangstema på heile besøket, og diverse skatte, ferie og andre pengar fekk køyrt seg.

Ein dag tok vi turen til Mainly og fekk solnedgang over operahuset og brua på veg inn igjen til byen. Vi traff ei gammal dame som prata heile ferjeturen om livet sitt og plassa ho hadde reist. Når vi skulle gå av oppdaga vi at mannen sat inne. Ho sa det var viktig å halde kontakten med gamle vener og det sa vi oss einige i.

Randi fekk smakt sushi og sa det va heilt ok. Hoppebilde blei det sjølvsagt også tid til. Dette er Silje og Bondi beach.



Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

1 kommentar:

  1. Nokon er stolte av operakonsert - Eg, Silje, er stadig like stolt når eg høyrer om shopping også!! :) Very good! Gledar mg veldig til du kjem heim, vi ska ete hambis, sjå Larkollen and maybe a surprise for you! ;)

    SvarSlett