Verknadane av svineinfluensaen er ikkje så ille som tidlegare antatt. Likevel spreier den seg som il i tørt gras i Melbourne og Victoria for tida. Bekrefta tilfelle her er no oppe i 504, og dei stenger skular og greier.
Idag såg eg ein fyr med maske på skulen, og eg fekk ein mail frå Monash som sa: "It is now almost certain that in the next one or two weeks confirmed cases of HINI 09 will emerge amongst students and staff atMonash".
Så jada. Det er visst vaksine og ein kjem ikkje til å dø, men det er jo greselig kjedelig og ikkje kunne gå ut av huset på to veker då. Litt upraktisk er det også med tanke på eksamen.
For noken dagar sidan var eg ganske slapp og hadde litt ilt i halsen. Eg frykta det verste, men det viste seg at det berre var eksamenssjuka og litt stressmage (foreløpig!). Eg er no frisk og rask igjen. Det ordnar seg alltid for snille jenter som brukar antbac!
PS: Ja eg er fullt klar over at songen eigentleg heiter "Kveldsong for deg og meg" men dette er untaket som bekreftar regelen.
Det var gRisen som hylte?
SvarSlettJa, det VAR gRisen spør meg og Lisen (les:Lisa) ;-)
SvarSlettJajajaja, mykje å tenke på om dagen!
SvarSlettFint om dokke kan gje tilbakemelding på innhaldet også av og til, ikkje berre på trykkfeil og faktafeil! Hehe:)