søndag 5. juli 2009

Country House

Idag var eg på besøk til ei australsk jente frå klassen min og ble tatt med som turist rundt omkring i området. Det var stas. På bilde er meg, Jess og søstra hennar.



Først tok vi Puffing Billy, eit 100 år gammalt damptog. Det er visst nok om å gjere å sitte med føtene utanfor slik som som på bilde over. Men det var litt kaldt. Kvar gong vi køyrte forbi noken folk måtte vi vinke med flagga. Plutselig køyrte vi over ei gammal trebru som såg skikkelig rotna ut og eg var sikker på den skulle dette ned.

Så var eg for første gong heime hjå ein australsk familie og åt lunsj. Den besto av graskarsuppe og pai. Etterpå tvinga faren i huset meg til å smake vegimite, eit typisk australsk pålegg som alle visstnok et. Det smakte HEILT forferdeleg. Ei blanding av hapå og pianøttsmør som er salta, berre at det er ti gongar eklare.

Dei hadde eit kjempefint gammaldags hus med mange antikvitetar, og hagen var veldig idyllisk med plantar og trefigurar som i Amelie filmen. I grunn litt som ein forestiller seg ein australsk heim på landet skal vere, men i realiteten er det berre mindretalet som bur slik. Det var grøne bakkar og langt mellom husa. Jammen gikk det ikkje kyr og beita der og. Så hadde dei disse og trampoline, og vi spelte footie på bøen til naboen. Faren til Jess snakka ganske utydelig og hadde kjeledress og skjegg (det siste avsnittet høyres ut som ein skildring av min eigen heimstad og når eg les det igjen slår det meg at NO har eg vore for lenge vekke!).

Men det beste av alt var pianoet som dei hadde. Det såg ut som eit heilt vanlig gammalt piano, men spelte av seg sjølv om du trykte på pedalane. Det hadde nemlig ein rull ein kunne sette på med hakk i som fekk dei rette strengane på baksida til å bevege seg, og slik spelte det av seg sjølv. Så då kunne ein berre sitte der og pumpe med føtene og late som ein spelte. Ved å bytte rull kunne du bytte sang. Det var visstnok importert frå USA for lenge sidan. SÅNN VIL EG OG HA!


Etterpå mata vi typiske australske fuglar i Dandanong Rangers og tok ein tur i skogen og såg noken skikkelig store tre, både I FORHOLD til både breidd og høgd.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar