lørdag 4. juli 2009

Winter Wonderland


Den siste veka har eg, Ingebjørg og Kamilla vore i New Zealand. Eit veldig vakkert land som minner veldig om Norge, men uheldigvis ganske kaldt akkurat no ettersom det er vinter. Turen var heller ikkje utan komplikasjonar. Det heile starta med at vi nesten ikkje rakk flyet fordi vi mangla dokumentasjon på at vi hadde retur billett frå landet. Ein kan jo ikkje sleppe nokon inn i landet uten å vite at dei skal ut igjen liksom, det skulle tatt seg ut. Vi hadde sjølvsagt ikkje tenkt på dette ettersom vi trudde at Australia og New Zealand er samme greia! Vi måtte springe til den andre sida av flyplassen for å skaffe oss denne utskrifta, for vi skulle sjølvsagt fly med eit anna selskap heimigjen. Undertegna var vel mildt sagt stressa og hadde høg puls og blosmak i munnen. Men på flyet kom vi.

Etter ei natt i Christchurch bestemte vi oss for å leige bil å køyre nedover til Queensland. Det var veldig mykje vakker natur å sjå på vegen ned. Men igjen møtte vi store utfordringar (ikkje problem, berre utfordringar). Det var nemlig snø over fjellovergangane. Problemet (ikkje utfordinga) til dette landet slik eg ser det er at dei ikkje har høyrt om vinterdekk. Dei oppererar nemlig med kjettingar, men desse kan ikkje brukast dersom veien ikkje er dekka av snø. Eg måtte sette meg bak rattet og bruke mine Rørvikfjellet første juledag skills. Og fram kom vi i god behald, sjølv om blotrykket låg over gjennomsnittet.

For å ungå vidare problem bestemte vi oss for å ta bussen tilbake igjen etter og ha vore i Queenstown nokre dagar. Lettare sagt enn gjort. Snøen ga oss utfordringar nok ein gong, og vinterdekk mangel ga oss PROBLEM. Ein busstur som skulle ta 6 timar tok 12 på grunn av diverse omvegar. Men det verste var når bussen begynte å skli sidelangs ned ein ganske bratt bakke, og sjåføren etter altfor lang tid tilslutt bestemte seg for å sette på kjettingane. Då hadde han allereie snakka i telefonen med den andre bussjåføren og spurt: -Kor lang er denne bakken eigentleg?" På dette tidspunket var eg seriøst redd.


Latterleg lite snø byr på store utfordringar. Kan noken vendligst ta ansvar for å intrudusere vinterdekk til desse folka?

Ei av jentene på bussen var frå Australia og hadde aldri sett snø i sitt liv. Ho forsto ikkje kvifor vi kunne sitte i ro inne i bussen når det SNØA ute.

Men no skal ein sjølvsagt ikkje berre legge vekt på alt det negative med turen (har forresten ikkje sagt noke om at Kamilla fekk fartsbot). Kamilla fekk hoppa i fallskjerm uten ytre skader, medan eg og Ingebjørg hadde nok med å ta ein skiheis og køyre ein akebrettliknande bil ned att. Vi reid på hest i omgjevelsane til Ringenes Herre filmen. Det var ganske så kjekt sjølv om eg ikkje kunne føle føtene mine etterpå på grunn av kulda. Vi fekk sett mykje fin natur som minte oss om vart O kjære fedreland.



JA for det var ganske kaldt og eg er FULLSTENDIG klar over at det er 30 grader heime no, men gilt var det no likevel.

Dei andre fekk erta meg ein del fordi eg blir litt gretten når eg ikkje får mat eller må tisse eller er trøtt. Men så fekk Ingebjørg også gjennomgå ein del fordi ho er bitte bitte bitte bittelitt gneten, og alltid reknar om pengar. Kallenamn som Gnetnebjørg og Valutabjørg vart flittig brukt. Men ho var no jammen god å ha når skyldingsen skulle gjerast opp (jadå Gunnhild vi kallar det fortsatt det). Reknebjørg er også Flinkebjørg:)


Fjella på New Zealand virkar mykje større enn fjella heime. Kanskje litt fordi dei er det. Kanskje litt fordi det er ganske flatt ellers og så plutselig kjem det store fjell. Heime har vi jo bakkar, dalar og mindre fjell rundt dei store. Det var oogså litt rart å sjå palmar og fjell med snø i same augesyn.

Vi fekk også sett havet og noken galninga som surfa i kulden. For å ikkje snakke om noken veldig fotogene måsar.





Skulle ha vore der lenger, men ein får ta det att ein anna gong, kanskje om SOMMAREN!

Ingebjørg for tilbake til Brisbane, eg og Kamilla til Melbourne for dei tre siste dagane her. Det blei plutselig veldig godt og varmt med 7 grader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar