tirsdag 28. april 2009
Mitt hjerte er ditt
Høyt våre flagg vi svinger, hurra!
Ja, nå vil vi riktig feste!
Dagen er din, og dagen er bra,
men du er den aller beste!
Se deg om i ringen, hvem du vil ta,
dans en liten dans med den du helst vil ha!
Vi vil alle sammen svinge os så glad,
En av os skal bli den neste.
GRATULERE med 12 årsdagen kjære Sirener.
Skulle gjerne vore med på feiringa.
Gledar meg til å komme tilbake til koret:)
Hugs and kisses:)
søndag 26. april 2009
Mamma Mia
Hurra for deg som fylller dit år. Ja deg vil vi gratulere!
Alle i ring omkring deg vi står og se, nå vil vi marsjere,
bukke, nikke, neie, snu oss omkring,
danse for deg med hopp og sprett og spring.
Ønske deg av hjertet alle gode ting!
Si meg så, hva vil du mere, GRATULERE:)
Kjære mamma: Eg lovar å lage ei kake når eg kjem heim!
Kjære Hanna: Gratulere med dagen i går:)
I need some fine wine and you, you need to be nicer
I helga var eg på Vin tur til Yarra Valley. Område ligg litt over ein time utanfor Melbourne. Her dyrkar dei druer å lagar vin. Som namnet tilseier er det dalar og bakkar her (antydning til fjell) og det er jo alltid kjekt. Faktisk er det veldig fint. Dette område er nær til skogbrannane tidlegare i år. Vi blei fortalt at dei ikkje kunne høste inn noko i år, fordi det var for mykje aske. Druene heng difor på trena og rotnar.
PS: Det visar ikkje så godt på bilde, men eg ha faktisk blitt litt brun etter påskeferien!
onsdag 22. april 2009
Saturn Freeway
Vi brukte stortsett tida til å jobbe med brunfargen. Fekk også spelt litt kort og smakt på utelivet. Hoppebilde vart det sjølvsagt også tid til.
Etter at bilen var levert og dei andre reist tilbake til Brisbane, reiste eg og Kamilla til hennar venn og hans australske kjæreste for å sove der den siste natta. Vi besøkte den lokale "pokie" plassen med flust av speleautomatar. Heile plassen hadde ein høg danskebåt faktor, gjennomsnittsalderen og musikken var deretter. Etter at eg hadde fortalt at my dad works for the part of the govnerment who controlls gambling, rånte vi rundt i surfers og sang høgt til Britney. Den lokale hadde guida tur inn i mellom. Det heile var framifrå artig.
Mandag morgon gjekk flyet heim (heim og heim) til Melbourne. Og jammen var det godt å komme tilbake etter 10 dagar på loffen. Litt kaldare, ikkje så mange skumle dyr og si eiga seng.
City of blinding lights
Dei fleste seier at det ikkje er så mykje å sjå i Brisbane. Det kan eg forsåvidt vere einig i, men eg syns det er ein veldig sjarmerande by likevel. Likte spesielt godt stranda og badebassenget dei har laga midt i byen.
Byen ligg nemleg ikkje med kysten, den har (som andre byar, sjå ovanfor) ei elv som renn gjennom. På denne elva tar Ingebjørg båten kvar dag når ho skal til universitetet (var ikkje det ein fantastisk setning).
Dette er universitetet til Ingebjørg (kom på at eg ikkje har lagt ut noko bilde av mitt, jaja). I parken utanfor fins det mange rare dyr. Skilpadder, fuglar, øgler og andre skumle ting.
Etter at eg hadde masa meg til å sjå eit par ekstra bygningar var dei andre trøtte og ville heim. Men det vart heldigvis tid til å gå innom eit par butikkar også. Ingebjørg fekk kjøpt seg nye flip-flops. Ho la sjølvsagt dei ho hadde igjen på øya. Dette er ein liten tradisjon ho har.
tirsdag 21. april 2009
Føtter på fjell
Akkuratt som å bade i Vindheimsvatnet dette!
Miami
Neste stopp på turen var surfes paradise. I følgje reiseboka er dette Australias svar på Miami. Ein ferieby med høge skyskraparar, fine butikkar og tilsvarande prisar. Denne gongen var vi svært heldige med hostellet vårt. Nok ein gong erobra vi stranda for ein fotoshot. Dette vart eit slags gjennomgangstema på turen. Det er vel unødvendig å seie kven som var fotograf og kven som var modell.
mandag 13. april 2009
Swalloved in the Sea
Vi endte opp med å tilbringe dagen på Hungry Jacks (som er det australske namnet på Burger King, dei kan jo ikkje ha det same!) der vi spelte kort med to franskmenn som delte same sjebne som oss. Det var egentlig ganske hyggelig. Eg trur folka som jobba der begynte å lure på om vi skulle slå oss ned for godt.
Endelig var det tid for å ta bussen vidare, ca 2 timar til Airlie Beach. Då var det allereie blitt mørkt så vi såg ikkje så mykje på vegen. Airlie Beach har høg backpacker-faktor og tilsvarande party nivå. Hostellet vi sov på var heller ikkje den beste inlosjeringsopplegget i skuffa, men det var no billig. Kamilla påsto at ho vakna med ein kakkelakk i panna midt på natta, eg prøvde og ignorere fakta. Er vi på backpacking, så er vi på backpaking.
Dagen etter besøkte vi Whitsunday Islands. Dei vakraste strendene i manns minne. Vi snorkla også på koralrevet. Det var kjekt. Stilig å sjå på fiskane som svømte ilag med deg. På vei ut måtte vi gjennom "tørketrommelen" som dei kalte det. La meg sei det i stikkordsform: Først lunsj, så svært høge bølgjer, ubehag og kvalme, resultat: oppkast frå undertegna. Til mitt forsvar vil eg seie at det også var eit japansk par som opplevde det same. Men det hjelper vel ikkje. Kamilla mobbar meg fortsatt.
Vi møtte også eit par freshe damer frå Canda. To døtre med mora på tur. Ho var minst 70 år, men ikkje redd for å snorkle! I tillegg til eit par gutta frå 'outbacken' (veit ikkje om dei egentlig var derifrå men eg likte å tru det) med den sterkaste australske aksenten på språkbarrometeret. Ikkje nok med det. I løpet av ein setning hadde dei mist putta inn to "mate" og fire "ai". Trur dei snakkar litt finare her nede i Melbourne ja.
Etter to dagar i Airlie var det tid for å trekke vidare sørover. I mangel på tid tok vi fly. Flyplassen var veldig sjarmerande. Den hadde ca eit rom og ein kafe meir enn Bringeland, doen var også litt større.
Den sjarmerande flyplassen med venterom ute. Kamilla viser i same slengen fram bikini-skilje sitt.
lørdag 11. april 2009
Fager kveldssol smiler
Eg er likevel takknemlig for at eg fekk ha 3 av mine besteforeldre saa lenge og laere dei aa kjenne saa godt som eg gjorde. Mange gode studer og minner vil staa att etter dei.
No er eg paa tur med Kamilla i Queensland. Internettilgangen er litt sporadisk, men oppdateringar vil komme etter kvart.
onsdag 8. april 2009
Under the Sea (også kjent som Kom ut til oss)
I helga var eg på Melbourne Aqarium. Og der såg eg desse søte pingvinane. Bilde nedanfor har på facebook blitt kalla "Silje from the north".
I akvariummet hadde dei mange rare fiska som eg aldri har sett før. Sjøhestane var bant anna eit av høgdepunkta.
Haien var ikkje så veldig skummel likevel. Dei andre fiskane var ikkje redd for den i allefall.
På søndag var eg klar for fleire sjøeventyr, då eg skulle svømme med delfinane. Men trur du ikkje turen vart avlyst for andre gong, sjølv om været var ganske bra.
GOD PÅSKE:)
fredag 3. april 2009
Toxic
"Eg er hekta på deg men eg trur du er farleg"
onsdag 1. april 2009
Lillebrors Vise
Kjære Sverre: GRATULERE så mykje med dagen. Denne bilen har eg kjøpt til deg som bursdagspresang. Den vil komme i posten.
Eg brukar bursdagen som ein unskyldning til å ete skjokoladekjeks mens eg prøver å få gjort litt skulearbeid (noko som er ganske vanskelig å få gjort med tanke på at eg var på stranda i dag).
PS: Tenker også på om det fins påskekengeruar her i Australia i staden for påskeharar. Eg vurderar i tillegg å få med meg Roald Øyen på nett-tv medan eg sprayar litt kunstig snø på vindauget og skrellar meg ei appelsin. Skia kan dokke ha for dokke sjølv. Lykke til med førebuingane.
Tut tut sier pappas bil, den kan kjøre mange mil. Den har fire gummihjul og den er hmhm... rød.